Endeleg musikalske prøver med fullt orkester!

Det er jo heilt greit å øve inn songane til musikalen “Spelemann på taket” i Prøvesal 1 med eit piano som komp – men det blir jo noko heilt anna straks heile orkesteret er på plass! Ny energi, nytt lydbilete, ny måte å tenkje og syngje på – det er no mykje av magien skal på plass. Slik såg ein ganske vanleg prøvedag ut i mars, ein månad før premiere:

Atle Halstensen er musikalsk ansvarleg for framsyninga

 

Mange koppar med kaffi må til når prøvedagane blir lange.

Diverse meir eller mindre vakre rekvisittar ligg rundtomkring i prøvesalen.

Ola Bråten er lysdesignar og følgjer prøvane.

Manus, sjølvsagt. Ikkje på engelsk, men nynorsk.

To av våre yngste skodespelarar på framspringa - Tevje sine døtre!

Spelemann Tevje (Pål Christian Eggen) syng i lag med slaktaren Lazar Wolf (Svein Roger Karlsen) etter at dei har blitt einige om giftarmål mellom Lazar og eldste dottera til Tevje.

Marius Næss har rolla som Fyedka - og er godt i gong med å spare skjegg, som de ser.

Espen Bråten Kristoffersen har rolla som Pertsjik - og dokumenterer at han blir dokumentert.

 

Rekvisittar av diverse slag

 

Niklas Gundersen har rolla som kneipeverten Mordcha

Paul Åge Johannesen spelar politimannen i landsbyen.

Morosamt på prøver! Ingeborg Sunderhagen Raustøl speler ei av Tevje sine mange døtre - Tzeitel

 

 

Endå fleire av Tevje sine døtre - spelt av Ingvild og Heidi

Unn Vibeke Hol speler Shandel og Iren Reppen skal spele Yente - som er parmakar i landsbyen.

Kapellmeister er som vanleg vår eigen Sven Erik Kristoffersen!

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>