Monthly Archives: januar 2014

Bileter frå prøvane på "Fedra"

14. februar har vi premiere på Fedra på Hovudscenen – og for ei veke sidan var det endeleg klart for at prøvane kunne flyttast opp på Hovudscenen.
I Fedra blir vi kjent med ein av verdsdramatikkens mest kjende og aller mest gripande tragediar. Fedra er kvinna som forelskar seg i stesonen sin Hippolytos, medan mannen hennar, kong Tesevs, er i utlandet og kjempar i krigen. Når Fedra får vite at Tesevs er død, oppsøkjer ho Hippolytos og fortel han om kjenslene sine. GJertrud Jynge har rolla som casino Fedra, medan Hippolytos blir spelt av Nicholai Cleve Broch.
Vi tok nokre bilete på ein av dei første prøvane etter at montering av dekorasjonen var på plass – og slik såg det ut: 

Nicolai Cleve Broch og Gard Skagestad flytter på delar av scenografien i opningsscena.

Paul-Ottar Haga og Siren Jørgensen øver på opningsscenen i "Fedra"

Gjertrud Jynge har hovudrolla som "Fedra"

Regissør Sigrid Strøm Reibo

Charlotte, Jon og Frank er blitt fast tilsette!

Charlotte Frogner, Jon Bleiklie Devik og Frank Kjosås

Det Norske Teatret er stolte over å ha fått tre drivande dyktige og flotte skodespelarar knytt til huset vårt på fast basis! Teatersjef Erik Ulfsby har i dag tilsett Charlotte Frogner, Jon Bleiklie Devik og Frank Kjosås i faste stillingar i ensemblet. I tillegg er Peer Perez Øian knytt til teatret i ein 4-årsperiode som husregissør.
- Både Charlotte, Jon og Frank har vore knytt til Det Norske Teatret ei årrekkje, dei er ein viktig del av både huset og ensemblet her. Det er godt å vite at vi skal ha mykje glede av kvarandre frametter også. Dei er alle særs sterke vokalistar, i tillegg til at dei også er drivande dyktige skodespelarar. Arbeidshestar alle tre, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.

Charlotte Frogner har vore ved teatret sidan ho gjekk ut av Teaterhøgskolen i 2004 og har utmerkt seg som ein allsidig og hardt arbeidande skodespelar med gode prestasjonar både i det klassiske og musikalske repertoaret ved teatret. Jeg fikk klædd i bringa som Frida Ånnevik sa da ho fekk Spellemannsprisen seier Charlotte Frogner om tilsetjinga.  – Eg kjenner meg privilegert som kan tenkje framover på mange nye år med hardt arbeid ved Noregs råaste teaterhus. Charlotte skal i vårr mellom anna spele hovudrolla i nydramatiseringa av Trost i taklampa.

Jon Bleiklie Devik har sidan 2010 vore i engasjement ved Det Norske Teatret, men første gongen han stod på Hovudscenen var i Robert Wilsons Peer Gynt i 2005. Bleiklie har med få unntak halde fram på Hovudscenen der han er ein av søylane i musikkteatret og har gjort solide roller som Dan i Next to Normal, Peron i Evita, ulike karakterar i Shockheaded Peter og snart er han å sjå som Mendel i Spelemann på online casino taket. Devik har ein fin humoristisk timing og er for tida aktuell i Tjue tusen sider. – Eg er enormt takksam for å ha fått denne tilliten, seier Devik. -  Det er eit privilegium å få å arbeide på ein stad som har sterke røter, men som aldri kviler på laurbæra og som alltid ønskjer å utforde vidare. Det Norske Teatret er eit hus med internasjonal kvalitet i alle ledd, og eg kunne ikkje ønskt meg ein betre stad å få lov til å investere kreftene mine i.

Frank Kjosås kom som nyutdanna skodespelar til Det Norske Teatret hausten 2006. Han har gjort store musikalroller i Hair, Jesus Christ Superstar, Next to Normal og Evita, for å nemne nokre. Kjosås er ein allsidig og etterspurt skodespelar både på teaterscenen og på film. Han er også einaste skodespelaren ved det Norske Teatret med eigen fanklubb! Likevel var han sjølv overraska over å bli tilbode ei fast stilling. -  Det å bli fast tilsett ved Det Norske Teatret er for meg ei stor glede! Det er overraskande, fordi det rett og slett ikkje er så vanleg lenger. Men dæven så moro det er, seier Kjosås.

Peer Perez Øian

Engasjert for 4 år

Peer Perez Øian (33) frå Bærum er tilsett som regissør ved Det Norske Teatret i 4 år. Han har nett hatt premiere på den kritikarroste framsyninga Tjue tusen sider på Hovudscenen. Perez vann Heddaprisen for beste regi i 2011 for framsyninga Sjuk ungdom som blei sett opp på Scene 3. Til hausten er han igjen aktuell med ei premiere på Det Norske Teatret.