Monthly Archives: oktober 2012

Gud snakkar til sonen sin

Korleis er det å vere far til Jesus? Kva råd kan han ha fått?

Ein omskriven versjon av Frans av Asissis’ bøn kan vere råd som Gud har gitt sonen sin. Bjørn Sundquist spelar Gud i vår oppsetning av Bibelen, og Marius Næss spelar Jesus.

 

Menneskesjela under forstørringsglas:

August strindbergs dødsdansen

av Elena Balzamo

Dødsdansen høyrer til Strindbergs mest kjende og mest spela stykke. Då han skreiv det i 1900, var han 51 år gammal, og han hadde tolv år att å leve. Då hadde han opplevd å vekse opp i ein mellomklassefamilie med sju born, opplevd at mora døydde altfor tidleg og at han ikkje gjorde det noko særleg bra på skolen, opplevd ein vanskeleg periode som ambisiøs ung skribent og ein lynrask suksess med romanen Det raude rommet (1879). Han hadde opplevd dei første heftige polemikkane kring skriftene sine, den første kjærleiken, det første giftemålet med ei offiserhustru som gjekk frå ektemaken for å gifte seg med mannen som var overtydd om att hans ”eld” var ”den største i Sverige”. Han hadde også vore med då dei første barna vart fødde og hadde opplevd familielivets første gleder og suter. I mange år hadde han budd utanlands, og han hadde hatt ei mengd konfliktar, der den første var den med Bjørnstjerne Bjørnson i Paris etter ein kort og intens venskap. Han hadde også opplevd konfliktane i det første ekteskapet som førte til det første smertefulle skilsmålet hans – men også til ei rad naturalistiske skodespel som delvis har bakgrunn i desse traumatiske opplevingane. Det var då han tok til å bruke omgrepet ”kjærleikshat” for den omsynslause kampen mellom ektemakane, denne ”kampen mellom hjernane” som han meinte han hadde oppdaga som den viktigaste drivkrafta i tilværet, og som han framstelte gong etter gong i Faderen, i Frøken Julie, i Kreditorar

På veg mot eit nytt teater

Etter oppløysinga av ekteskapet levde han eit hektisk liv i Berlin først på 1890-talet, gifte seg på nytt, fekk endå eit barn – og eit nytt ekteskapeleg helvete. Deretter følgde det nye skilsmålet og den religiøse og moralske omveltinga (den såkalla Infernokrisa) som etter kvart munna ut i eit nytt livssyn – djupt religiøst, sterkt farga av Swedenborgs lære med tydelege okkulte overtonar. Denne febrilske leitinga etter meininga med livet og samanheng i tilværet førte til skjønnlitterær skrivesperre: I ein lang periode tok skriving av naturvitskaplege avhandlingar og essay over for både den skjønlitterære produksjonen og teateret.

Ved hundreårsskiftet hadde han lagt alt dette bak seg, og frå og med 1898 kjem det ein stadig straum av nye teaterstykke. Til dels dreiar det seg om historiske drama som Folkungesagaen, Gustav Vasa, Karl XII, og dels kjem det fleire svært særprega stykke – Eit draumspel, Til Damaskus, Påske – der forfattaren freistar å framstelle både øydeleggings- og fornyingsforløp (liksom Swedenborg er Kierkegaard aldri langt unna). I desse stykka utviklar han ein ”draumteknikk” som kjem til å prege det europeiske teateret gjennom heile hundreåret: ”Alt kan hende, alt er mogleg og sannsynleg. Tid og rom eksisterer ikkje; ut frå eit spinkelt røyndomsgrunnlag spinn innbillinga vidare og vev nye mønster: Ei blanding av minne, opplevingar, frie påhitt, absurditetar og improvisasjonar. Personane blir kløyvde, fordobla, dublerte, forduftar, blir fortetta, flyt ut, samlar seg. Men ei bevisstheit står over alle, det er drøymarens; for det finst inga løyndommar, ingen inkonsekvens, inga skruplar, ingen lov – slik uttrykkjer han det i forordet til Eit draumspel. Ein ny synsvinkel, men han botnar endå i ei karakteroppfatning som ein finn hos Strindberg alt på 1880-talet, m.a. i det vidgjetne forordet til Frøken Julie: ”Mine sjeler (karakterar) er konglomerat av tidlegare kulturnivå, og nåtidige, bitar frå bøker og aviser, stykke av menneske, avrivne lappar av helgedagsklede som er blitt filler, akkurat som sjela er samanlappa, og eg har dessutan gjeve litt tilkomsthistorie, når eg let den svakare stele og repetere ord frå den sterkare, let sjelene hente ”idear”, suggesjonar som det kallast, frå kvarandre…”.

Eit helvete på jorda

Dødsdansen er eit sentralt verk ettersom det både knyter band attende til dei naturalistiske dramaa frå 80-talet (ein tenkjer sjølvsagt først og fremst på Faderen) og samtidig tek opp i seg Strindbergs nye verdsåskoding med dei viktigaste best online casino temaa der: synd og forsoning, den foredlande krafta i lidinga, tomleiken i livet. Verket har ei klassisk enkel oppbygging (ein er langt frå dei kompliserte laga i Til Damaskus, Eit draumspel eller Spøkelsessonaten): eit ekteskapsdrama med den banale trekanten: to menneske som piner kvarandre til døde med hjelp av ein tredje person eller trass i all velvilje og innsats frå den sistnemnde. Dei spelar kort, dei høyrer på knitringa frå telegrafapparatet, dei drikk vin…

Men personane! Reine demonar heile gjengen. Desse groteske, monstrøse innslaga, denne oppsvulminga av vondskap som gjer att vondskapen får reint metafysiske proporsjonar og forvandlar livet til eit helvete på jorda, er karakteristisk for dei nyvunne sanningane og den nye innsikta om at vondskapen verkelen finst.

Ein kan meine kva ein vil om kor sant dette synet på verda er, men det dramatiske potensialet er udiskutabelt både for forfattarens seinare produksjon (heile kammarspelestetikken kjem til å kvile på dei: Pelikanen, Den brende tomta, Spøkelsessonaten) og for den kommande teaterkunsten der innverknaden kan merkast heilt fram til våre dagar.

Dødsdansen må vere skriven i ein tilstand av makelaus inspirasjonsrus, på ei einaste veke i slutten av oktober 1900 – eit slags kreativt utbrot som forklarar mykje av den eksplosive krafta i stykket. Kva som utløyste dette utbrotet, er velkjent, ein kjenner til dei biografiske motiva som ligg attom, namna på hovudpersonane og korleis stykket vart til. Og ein blir forundra over å sjå korleis eit banalt ekteskapeleg (mis)forhold får mest kosmiske proporsjonar og blir forvandla til eit eksistensielt drama.

”Nå bed eg Dykk, les mine nye drama berre som teaterstykke; det er mosaikk som vanleg, frå andres og eige liv, men ver så god og ta det ikkje som sjølvbiografi, eller vedkjenningar. Det som ikkje stemmer med fakta, er dikta, ikkje loge. (…). Eg er derfor ingen helgen, langt derifrå, men menneska har i mangt gjort meg urett. (…) Eg lengtar til det lyse, har alltid gjort det, men ikkje fått noko. (…) Det førekjem meg ofte som om heile livet mitt hadde vore sett i scene for meg, både for at eg skulle lide og skildre. Handlingane mine kan derfor frå eitt synspunkt sjåast på som indifferente (moralsk); men det hindrar ikkje at eg sjølv har lide under dei skitne affærane eg har vore dregen inn i (…). Såleis har eg slege igjen når andre har slege meg, men eg har likevel lide meir av å slå enn å bli slegen”, skriv Strindberg til den tyske omsetjaren sin, Emil Schering, året etter at Dødsdansen vart skriven. Elles finn ein att fleire motiv som er typiske for denne perioden med sine sterke band till skjergardsmiljøet, t.d. karantenemotivet, detta vente- og skjærseldsrommet, som utgjer leietråden i fleire tekstar frå denne tida: Det førekjem både i Dødsdansen og i Eit draumspel, og dessutan i fleire noveller frå Karantenemeisterens forteljingar, noko som tyder på at det langt på veg er sjølvbiografisk.

Dette om ”mosaikk som vanleg, frå andres og eige liv” er godt sagt, men det kan ein seie om mest alle forfattarar. Dessutan er det lettare sagt enn gjort, ettersom slett ikkje alle forfattarar har den same evna til å omskape kvardagslivets uvesentlege detaljar till eit heilstøypt kunstverk.

Ein dans som held fram…

At Strindbergs samtidige måtte få tid på seg for å kunne godta den nye estetikken, er ikkje vanskeleg å forstå. ”Mitt sterkaste (og enklaste!)” stykke, er forfattarens eiga vurdering av Dødsdansen (rett nok sa han det same om alle arbeida sine, men denne gongen har han rett.) ”Forferdeleg”, ”forskrekkeleg”, ”skakande”, ”patologisk” var vanlege vurderingar i bokmeldingane. Stykket vart liggjande i fire år: Ingen teater ville ha noko å gjere med det. Først i 1905 vart det uroppført, på Altes Stadttheater i Köln. I Sverige vart det først oppført i 1909 på Strindbergs eige Intima Teatern i Stockholm. Sidan har det gått sin sigersgang over teaterscenar i heile verda: Forfattarens innsikt i mekanismane i den menneskelege psyken kjem til å vere aktuell så lenge ein i det heile interesserer seg for å framstille menneskeleg sjeleliv.

Omsett frå svensk ved Arne Torp.

August Strindberg (1849-1912): forfattar, dramatikar og biletkunstnar, ein av Sveriges fremste diktarar, internasjonalt mest kjend som dramatikar. Han var banebrytande innanfor fleire sjangrar, verka hans femnar om ei rad romanar, noveller og drama, derimellom Dødsdansen (1900-1901).

Elena Balzamo, russisk-fransk litteraturhistorikar og omsetjar (av m.a. Dødsdansen til fransk); aktuell med Skrifdon och papper, brefkort, frimärke. Fyra essäer om Strindberg (Lind & Co 2012) og August Strindberg: Ansikten och öde (kjem ut i september 2012 på Atlantis bokförlag).

Omsett frå svensk ved Arne Torp.

Jungelboka frå innsida

Ei heldig jente ved namn Marthe-Caroline vann konkurransen for Ungdomskortet vi har hatt denne veka! Som den heldige vinnaren fekk ho ta med seg ein ven og vere “fluge på veggen” medan Jungelboka vart spelt på Hovudscenen! Marthe-Caroline og venninna hennar Silje fekk oppleve Jungelboka slik skodespelarane, scenerabeidarane og alle andre som arbeider i produksjonen gjer det.

Venninne-Silje til venstre - og Marthe-Caroline, vinnaren, til høgre.

Etter å ha gjett jentene litt instruksar om kor dei kunne gå og kva dei kunne gjere gav inspisient Brita signal om klar scene - og framsyninga kunne starte.

Silje og Marthe-Caroline fekk lov til å bevege seg rundt omkring på sidescenane - og kikke forsiktig fram, slik at publikum ikkje såg dei..

Kash var i godt humør som alltid, og kom sjølvsagt og helste på!

I pausen fekk Charlotte (Frogner, ja) ein glitrande idè – etter at speilveggen er gått ned (håpar ikkje vi røper for mykje no for dei som ikkje har sett framsyninga enno..) og skodespelarane står på scenen og ser ut i salen – så kunne jo jentene bli med dei på scenen ettersom dei ville vere usynlege for publikum uansett! Hoho, her skulle dei ikkje berre få sjå kva som skjer på sida av scenen under ei framsyning – dei skulle få vere på scenen i lag med skodespelarane óg!

Som sagt så gjort..

Her står Silje og Marthe-Caroline i lag med teknikar Calle - som skal geleide dei inn på scenen kor dei skal vere usynlege under avslutningssangen.

TIl slutt eit bilete etter vel gjennomført framsyning - Svein Roger Karlsen som Shere Khan helsar, det same gjer jentene!

Vi kan trygt rå deg til å bli brukar av Ungdomskortet – som medlem vil du få moglegheit til slike eksklusive hendinger og du kan sjå alle våre framsyninger for kun 85,-. Ungdomskortet er for alle mellom 16-26 år – og det er sjølvsagt gratis!

Ein spesiell fødselsdag

Himmlers fødselsdag utspeler seg i heimen til den tidlegare SS-offiseren Rudolf Höller. Mannen som tidlegare verka som kommandant i ein konsentrasjonsleir, kom seg unna rettsoppgjeret og blei etter krigen halden i skjul av søster si. Ti år seinare dukkar han opp i det tidlegare Vest-Tyskland der han gjer ein lysande karriere som høgsterettsdommar. Den 7. oktober kvart år feirar han Himmlers fødselsdag. Bak mørke gardiner stasar han seg opp i den gamle uniforma, sver til si fascistiske overtyding og utbringer ein skål for dei brune førebilda sine. Denne mannen skal Ståle Bjørnhaug portrettere i haust.

- Du avsluttar karrieren ved Det Norske Teatret som SS-offiseren med ei fordekt fortid. Har Thomas Bernhards stykke relevans i vår tid?
- Fascismen ligg som ein sovande bjørn i Europa. Ein ser tendensar bryte overflata. I Austerrike, Ungarn og Nederland ser ein politiske grupperingar med klare høgreekstreme sympatiar som vinn oppslutning og som til og med når fram på den nasjonale, politiske arenaen. Eg veit ikkje kva for relevans stykket har for stemninga i Noreg, men det er jo ingen tvil om at det ulmar under overflata her òg. Det er ein skremmande tanke. Hovudpersonen Höller spår at ungdom vil reise seg mot demokratiet. Vi har jo sett eit grotesk døme på det med Breivik-saka.
- Kva er det med Austerrike da, som Bernhard så kraftfullt og nedlatande dissekerte i forfattarskapen sin?
- Austerrike tok heller aldri noko oppgjer med fortida. Dei insisterte på ei offerrolle og har skyvd rettsoppgjeret under teppet. Det lir nok nasjonen under. Det har vore fleire eksempel på uheldige koplingar i austerriksk politikk. Thomas Bernhard var da heller ingen populær mann i heimlandet. Han rørte vel ved ei side dei ikkje ville vedkjenne seg.
- Har du spelt i stykke av han tidlegare?
- Nei, dette er første gongen. Han har ei særeiga form, ein merkeleg rytme. Det er ikkje på vers, men har ein sterk poetisk kraft. Eg har sett nokre framsyningar signert Bernhard og dei kan vere besetjande, dersom ein får det til.
- Den einaste likskapen mellom deg og karakteren du skal i kast med, er at de begge står Vor dem Ruhestand, som er originaltittelen på stykket; altså at de er i ferd med å nå aldersgrensa for yrkesutøvinga. Du har ein lang og innhaldsrik karriere å sjå tilbake på. Korleis oppsummerer ein 50 år ved teatret?
- Eg har fått smake på ytterpunkta i det å vere skodespelar. I ettertid har eg sett at livet har gått i fasar som har gitt ulike rolleoppgåver. Det har vore ei samansett tid.  Da eg begynte, spelte eg mest unge, pene gutar og det var nedverdigande, syntest eg. Men så kom eg til Den Nationale Scene under leiing av Knut Thommassen og der låg det eg venta på. Eg fekk bryne meg på store karakterroller som Biff i En handelsreisendes død,  Don Juan, Faust i Stein Winges oppsetjing, Tesman i Hedda Gabler og Brechts Arturo Ui. Det var ein sterk periode ved teatret og eg opplevde at vi spelte nyskapande og moderne teater. Overgangen til den første rolla ved Det Norske Teatret var stor.
- Kva var debuten her?
- Broren i Tre systrer av Tsjekhov. Det kjendest berre feil etter tida i Bergen. Men her mobile casino på Det Norske Teatret har eg fått spele alle dei klassiske, store nynorskrollene, Bleikeplassen, Didrik i Medmenneske, Draumkvedet, Den fjerde nattevakt, ja, lista er lang.
- Saknar du noka rolle?
- Tja, Macbeth er ei interessant rolle som eg ikkje har gjort. Og Kong Lear har sine løyndommar som eg gjerne skulle ha forska i, men alt i alt synest eg at det har vore eit rikt liv med gode utfordringar. Under studietida følgde eg noko undervising på musikkonservatoriet. Eg må berre understreke at eg ikkje har den musikalske skoleringa som trengst for store operaroller, men eg har fått gleda av å gjere fine roller i musikkteatret.
- I Mayenburgs Den stygge såg vi ei komisk side ved deg som vi ikkje visste om. Modig, presist og ustyrteleg komisk tolka du kirurgen i den absurde framstillinga av skjønnheitsjaget i vår tid. Kvifor har vi ikkje fått sjå meir av den sida?
- Eg blei tidleg sett på plass der. Dagmar Myrvold, ein avhalden og høgt elska lærar på Teaterhøgskolen sa ein gong følgjande: «Bjørnhaug, De er ustyrtelig lite morsom! De må ta denne monologen med ryggen til salen.» Da eg 20 år seinare hausta latter i salen, kom det som ei stor overrasking på meg, og eg mista teksten eit par minutt, trur eg. Det har vore herleg dei gongene det har skjedd.
- Thomas Bernhard kallar Himmlers fødselsdag ein komedie. Det kan neppe tolkast på anna vis enn ein Bernhardsk sarkasme.
- Eg vil nødig gi meg inn på ei utlegging om Bernhards undertittel og kvifor han set den merkelappen på eit stoff som dette. Men det hadde ikkje vore Thomas Bernhard om det ikkje hadde sine løyndommar.

Ståle Bjørnhaug FAKTA

Debuterte i 1962 på Nationaltheatret under Arild Brinchmanns leiing. Var tilsett der fram til 1970. Ved Den Nationale Scene frå 1970 til 1980. Store roller som Biff i En handelsreisendes død, Don Juan, Mefisto, Tesmann og Arturo Ui.  Var ved Fjernsynsteatret der han spelte Håkon i Medmenneske, ein av fjernsynsteatrets storproduksjonar som gjekk på NRK i 1981, med regi ved Arild Brinchmann. Bjørnhaug kom til Det Norske Teatret i 1981. Her han har verka fram til han går av for aldersgrensa hausten 2012. Bjørnhaug er ein betydeleg dramatisk skodespelar med ei stor spennvidde.

Roller i utval ved Det Norske Teatret: Keisar Julian i Keisar og Galilear av Ibsen, Kaifas i Jesus Christ Superstar, Didrik i Medmennesket, Johan Tander i Bleikeplassen av Vesaas, George i Om mus og menn av Steinbeck, Fernan Gomez de Gusman i Historia om ein landsby, tittelrolla i Ibsens Jon Gabriel Borkmann, Ol-Kanelesa i Den fjerde nattevakt av Falkberget, Blind-Anders/Bendek i Juvikfolke av Duun, Obersten i Ingen skriv til obersten av García Márquez og Kølfogden i An-Magritt. I 1996 sette Ståle Bjørnhaug saman framsyninga Bloddropetrall. Her framførte han dikt av Kristoffer Uppdal, akkompagnert av Gunnar Germetens nykomponerte musikk og følgd av måleri av Jacob Weidemann.

c2010-652 exam   ,
640-916 Brain dumps   ,
70-177 dumps   ,
350-001 exam   ,
500-260 exam   ,
70-487 Study Guides   ,
1Z0-803 Exam   ,
300-075 certification   ,
1Y0-201 pdf   ,
300-070 dumps   ,
LX0-103 dumps   ,
000-106 pdf   ,
1V0-601 test   ,
NS0-157 pdf   ,
PR000041 certification   ,
LX0-103 Brain dumps   ,
NSE4 dumps   ,
200-120 test   ,
810-403 test   ,
PEGACPBA71V1 dumps   ,
350-050 test   ,
300-070 pdf   ,
400-051 exam   ,
210-065 certification   ,
500-260 test   ,
MB2-707 test   ,
LX0-104 certification   ,
000-106 dumps   ,
500-260 Brain dumps   ,
220-902 exam   ,
HP0-S42 certification   ,
3002 test   ,
000-080 dumps   ,
1z0-808 test   ,
70-461 exam   ,
1Z0-804 pdf   ,
PEGACPBA71V1 exam   ,
CAS-002 pdf   ,
PEGACPBA71V1 dumps   ,
70-243 pdf   ,
220-802 dumps   ,