Monthly Archives: september 2012

Jan Grønli blir Ludvig van Beethoven

I 33 variasjonar speler Jan Grønli Beethoven. Vi var med opp i maskeavdelinga første gong han skulle prøve ut sminke og parykk for å sjå mest mogleg ut som det musikalske geniet!

Dette er insprasjonen frå som det jobbast ut ifrå når Jan skal bli mest mogleg lik på den ganske så kjende Ludvig.

 

Katja har starta på sminken. Jan skal sjå litt gamal og sjuk ut sidan han i stykket speler i den tidsperioden kor Beethoven byrja å bli dårleg.

online casino title=”3″ src=”http://blogg.detnorsketeatret.no/wp-content/uploads/2012/09/3-679×1024.jpg” alt=”" width=”500″ height=”754″ />

Første gong parykken prøvast på - Katja har håndsydd den etter Jan sine hovudmål, og det var så og sei ein perfekt match denne gongen! Heldigvis er det kun få ting som skal endrast.

Vi kan då seie at liknaden er der?

Parykken er håndsydd – det har ikkje blitt sydd meir enn 3 hår saman i ein “hårsekk”. I fronten blir kvart enkelt hårstrå sydd på for seg. Katja brukte ikkje mindre enn ei veke på denne. Alt er ekte hår..!

Jan van Beethoven Grønli er nøgd - og studerer seg sjølv i speglen. 33 variasjonar har premiere 12. oktober.

 

Blodig verkstad

Interessert gjeng

Inne på rekvisittverkstaden.

Rekvisitøren på ZOO, Henriette Jevnaker, diska opp til eit litt uvanleg skulekjøkken tysdag kveld: Ein entusiastisk ungdomskortgjeng fekk lære å lage blod – ja, falskt, altså!

Ingrediensane

Ingrediensane...Første trinn: Blanda vatn og guarkjernemjøl.Kvitt slim - eller vatn og guarkjernemjøl, rett og slett.Slimet vert studert.

Hugselista til rekvisitøren

Gjengen studerer hugselista til rekvisitøren.

Henriette har arbeidd på Det Norske Teatret sidan ho var litt over tjue år. Ho fortalde om korleis ein rekvisitør arbeider heilt frå planlegginga av ein produksjon til å gjera klar vaffelrøre, peanøtter, kattar, stolar, sverd, pistolar, raptorhovud – ja, alt av lausøyre til framsyninga, kveld etter kveld. Då gjeld det å ha kontroll på kva ein har inne på dei ørten lagerromma. Alt finst på sirlege datalister.

Slim er gøycasino online width=”1000″ height=”664″ />
Slim er gøy!
Blod og grønt gørr
Blod og grønt gørr.
Oboy må til
Oboy?! Ja, det er ein av ingrediensane i den sjølvutvikla oppskrifta…
Ferdig blod
Ferdig blod!
Studerer blodet
Ser det ekte ut?

Henriette fortel om ekle ting

Var du ikkje mellom dei heldige denne gongen?  Vi har fleire spennande påfunn på gang i haust under Sjekk scenen , så følg med – dei dukkar plutseleg opp!

Møt Kurt.

Kurt er venen til Alice og Edgard, og han vitjar dei på øya dei bur på. Alice og Edgar feirar snart sølvbryllup, og etter 25 år har dei gjort det til ein vane å plage kvarandre.

“Dødsdansen”  har premiere på Scene 3 20. September online casino 2012 i Strindberg-året.

Møt Kurt her – og høyr kva venene hans, Alice og Edgard, har å seie om han.

 

Kurt spelast av Gard Skagestad.

Kva sa publikum om ZOO?

Fredag 31. august var det endeleg premieretid på Scene 2. Regissør Jonas Correll Petersen er kjend her på huset for framsyninga “Unge Werthers lidingar” og har denne gongen med seg skodespelarane Kyrre Hellum og Jocahim Rafaelsen. Vi spurde eit par online casino publikummarar rett etter framsyning kva dei tenkte om ZOO. Det er ikje så lett å sortere tankane sine rett etter framsyning, så vi er imponert over publikum. Høyr kva nokre få av dei sa om framsyninga: