Monthly Archives: juni 2012

God sommar frå Evita-gjengen!

No tek alle på Det Norske Teatret ferie i heile 6 veker! Vi er attende med eit brak 6 august, brune og fine. Vi har eit forrykande repertoar til hausten – 5. september casino online har vi haustens første premiere på Hovudscenen – gled deg til EVITA!

Gjengen som har øvd og terpå på tango og latin-amerikanske toner siste månaden vil forresten berre ønskje deg ein riiiiktig goood…

 

Følg Svein Tindberg på turnè rundt i Noreg – på Facebook!

Vi har no laga ei eigen Facebook-side for Abrahams barn og Svein Tindberg, for  at publikum kan få følgje litt av det som skjer når framsyninga skal turnere over heile landet med Riksteatret for å vitje små og store scener og publikum.

Lik Facebook-sida og få eit unikt innblikk i korleis Abrahams barn blir motteke over heile landet! Du finn den her.

 

Kommentar og bilete fra Svein på Facebook:
For et nydelig teater. Ekte, varmt – jeg gleder meg til august.
Heia Stavanger. Vi sees. Svein 

Ein film om Dora

Regissør og skodespelarane på”Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre” (som forøvrig er ein heilt strålande tittel på eit stykke, eller kva!?) har laga ein liten trailer til kva du kan forvente deg på premieren 29. august!

Vi gler oss til å sjå Charlotte Frogner spele Dora - ei ustyrleg jente som lever utan hemningar og har ein umetteleg seksuell appetitt. Sjå film!

Ein Zoo-film

Kyrre Hellum. Joachim Rafaelsen. Gaute Tønder. Regissør Jonas Corell Petersen. Til saman blir det “Zoo” på Scene 2 i haust, premiere 31. august.

Første videoklipp: