Monthly Archives: mai 2012

Hedda-nominasjonar 2012

For ein dag!

I dag klappar vi oss sjølve på skuldra – ein flott start på veka var det då vi leste årets Hedda-nominasjonar. Heile 8 av nominasjonane gjekk til Det Norske Teatret, og vi er mektig stolt av dei alle. Spesielt er det også at Sorga kler Elektra er nominert i heile 5 forskjellige kategoriar.

Berre høyr kva vi er nominert til:

Beste kvinnelege hovudrolle x2: Ane Dahl Torp for rollen som Shen Te i Det gode mennesket fra Sezuan

og Kirsti Stubø for rollen som Lavinia Mannon i Sorga kler Elektra

Beste kvinnelige birolle: Gjertrud Jynge for rollen som Christine Mannon i Sorga kler Elektra, og for rollen som Maria Steuber i Tida og rommet.

casino online title=”20110915_TidaogRommet_0343_1″ src=”http://blogg.detnorsketeatret.no/wp-content/uploads/2012/05/20110915_TidaogRommet_0343_1.jpg” alt=”" width=”1000″ height=”700″ />

Beste mannlige birolle: Torbjørn Eriksen for rollen som Orin i Sorga kler Elektra

Beste regi: Eirik Stubø for regien av Sorga kler Elektra

Årets framsyning X 3:

  • Abrahams barn
  • Norge-Brasil
  • Sorga kler Elektra
Vi  gratulerer – og ser spent fram mot 10. juni då Heddaprisen skal delast ut på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Tvi, tvi!

Perons siste flamme – ensemblet øver

I dag vart songen “Perons siste flamme” øvd inn – i alle fall starten av den. Frank Kjosås speler “Che”.
Høyr ein unik smakebit frå det som kjem til å bli haustens store musikal i Oslo – nemlig EVITA .

Vi skal følgje denne songen framover mot premiere for å sjå korleis den utvikler seg – vi er jo ennå berre inni tredje prøveveke!

Film frå første veke med prøver!

I samarbeid med Oslo Internasjonale Teater presenterer Det Norske Teatret denne våren heile 5 nye, spanande, internasjonale samtidstekstar, som blir spelt på Scene 3. I kveld har “The Diamond Stars” premiere, og Oslo Internasjonale Teater har sjølv laga ein film med utdrag frå prøvane.

Det twitrast iherdig frå prøvane; sitatar og situasjonar – vi rår deg til å følgje dei på Twitter .

Nysgjerrig på kva desse lesingane er? Vi kan jo gje deg ein kort introduksjon til stykket som du KUN kan sjå i kveld – eller i morgon!

“På utsida av ein skyskrapar heng Seifu og Amadu, to flyktningar frå Sierra Leone. Dei har vorte samde om å ikkje snakke om fortida; det er korkje tida eller staden for eit oppgjer. Medan dei vaskar vindauga følgjer dei med på ei anne og utilgjengeleg verd av velståande forretningsfolk. Stykket utforskar avstand og nærleik på mange nivå; sosialt, økonomisk, politisk og geografisk, gjennom ein sterk visuell metafor. Verda vert kanskje mindre, men nokre avstandar verkar uoverstigelege. Og kor lenge kan dei halde fortida på avstand?”

Tvi, tvi!

 

 

Tangoøvelse i prøvesal 4

Denne veka starta prøvane til Evita. Det er ikkje berre musikalske prøvar vi startar med, for tangoen har ein sentral plass i denne framsyninga. Tangodansing går som ein raud tråd gjennom heile framsyninga, så derfor må også ensemblet lære seg tango.

Vi fulgde ein av tangoprøvane på dag 2 – kor til og med NRK kom og filme til Dagsrevyen. Få eit innblikk i korleis skodespelarane terpar på stega:

Paul Åge Johannesen spelar Presidenten – og skal sjølvsagt danse.

Niklas Gundersen spelar Evita’s bror, Ingeborg S. Raustøl spelar Elskarinna.

Lei av tango, Niklas?

Evita og Juan Péron – eller Heidi Gjermundsen Broch og Jon Bleiklie Devik om du vil.

 

Tango-intruktøren. Strengt blikk på elevane sine?

Hilde Olausson speler Arbeidarkvinna

Instruktør Jarle viser korleis Péron skal føre.

Regissør Svein Sturla Hungnes og skodespelar Kristin Grue! Kristin spelar Baronessa.

 

Grethe Ryen spelar Grevinna.

Ragnar Dyresen spelar Baronen.

Sigve Bøe spelar Magaldi.

Og så kom NRK Dagsrevyen på vitjing.

Inspisient Erlend Stamnes har full kontroll. Følg han på twitter om du vil: @InspisientenDNT

Lidenskapeleg tango..

Evita har premiere 5. september 2012.