Monthly Archives: januar 2012

Kostyma tek til å bli ferdige

“HUGS AT DET ER MASSEPRØVING AV MUS I 2U OM FEM MINUTT. FEM MINUTT!

Erlend inspirent (som du forøvrig kan følgje på Twitter for å få LAIV-oppdatering frå prøvane) er i vant driv på det interne calling-anlegget, og masar på skodespelarane for å minne dei på alt dei må hugse. Nede i 2U gjer systova seg klar for å prøve 12 musekostyme til skodespelarer frå “Felix” fantastiske orkester”. Ca. slik såg det ut:

Nina Woxholtt og Unn Vibeke Hol

 

Ein heilt vanlig passiar om kven som er sterkast og slikt.

Nina og Christian vert fiksa litt på mens Nina fortel grusomme historiar om korleis slike kostyme plar lukte etterkvart.. (litt vel godt og varmt inni der)

 

Nina er nøgd men Christian meiner at det er til tider er vel mykje snakk om kroppslukt.

Under ein månad til premiere! Milde måne. Dette blir stas!

Felix’ fantastiske musikk

Vi tel dagar og veker til premieren på “Felix Fantastiske orkester” og gler oss til å dele Felix’ nydelege univers med alle! Noko av det beste med denne framsyninga er all musikken.. Den er absolutt ikkje “vanleg” barne-musikk, men har eit meir rocka og groovy (!) preg, og all musikk er laga av Julian Berntzen. Lyst til å høyre nokre av songane?

Vi gjer merksam på at dette er opptak med artistar som ikkje skal spele i framsyninga, men som har sunge inn songane på førehand slik at skodespelarane kan lære seg dei. Desse klippa vert altså brukte i prøvesamanheng i desse dagar!

Klikk på den songen du vil høyre:

 Til Paddemyr

Liv i tua

Ein Sommerfugl

Komponist Julian Berntzen - og eit av inspirasjonsdyra hans

 

 

Ein kikk inn i Sezuan-statistanes kvardag.

Velkomne inn i vår kvardag som statistar / scenearbeidarar i framsyninga ”Det gode mennesket frå Sezuan” her på Det Norske Teatret! Vi er ein liten gjeng på seks personar som med stor glede og iver fyller rollene som arbeidarar i ein tobakksfabrikk. I tillegg forsøker vi etter beste evne å hjelpe til med sceneskifta i framsyninga også.

No som vi er i gang med langprøver, byrjar vår dag med ein tur til dei flotte sminkedamene i 4. høgda. Her får jentene rulla opp håret slik at hovuda våre får plass i dei særs lekre filthettene, og alle saman blir sminka slik at vi ser ut som dei slitne fabrikkarbeidarane som vi skal vere.

Kjersti prøver å vakne i sminkestolen

Hege-Anette får rulla opp håret sitt. 480 spenner (sånn om trent) skal på plass. Det hårreisande resultatet etter endt arbeidsdag får de sjå lenger ned.

Deretter, når vi har venta ei stund, går vi ned til dei flotte garderobane våre i kjellaren, og skiftar til kostyme. Og så, etter kvart, byrjar prøva. Og da gjer vi våre plikter (det her er morosame plikter, rett nok) som scenearbeidarar og statistar, men mest sjølvsagt, så ventar vi.

Stine viser her at ho altså er glad inni seg, men lei seg på utsida. Heldigvis berre sminke.

For å kunne vere statist i ”Det gode mennesket frå Sezuan”  her på teatret må du ha ein del særs viktige eigenskapar. I tillegg til å kunne bere eit langt rør og rulle tobakk  i takt med musikk, er det særleg naudsynt å ha ein god dose med tålmod. Fordi vi fabrikkarbeidarstatistar / scenearbeidarar, vi ventar. Og vi ventar mykje. Og da er det ein ting som hjelper for å få tida til å gå.

Wordfeud.

I kantina. Wordfeud.

Sørg for å ha batteri på mobilen og tilgang til internett, så er du klar for ein dag som statist i ”Sezuan”.

krise for Hege-Anette. 4 stk E'ar.

Men sjølv om vi ventar mykje og spelar meir Wordfeud enn ein ville ha gjort om ein ikkje var statist, så koser vi oss mest og vi har det heilt topp! Det Norske Teatret er ein strålande arbeidsplass, og vi gler oss til å vise dykk framsyninga. Kom og sjå!

(men først litt fleire bilete:

Før langprøve startar. Jonas og Kjersti får instruksar.

Hege-Anette og Stine er godt i gang med ventinga - men er like glade fordetom,

Slik ser det ut på sidescenen. Fleire hurtigskift tek plass her.

Ein rekvisitør ved namn Vanja i arbeid bak scenen.

Langprøve i gang. Wordfeud også.

Jonas som profesjonell ventar og statist.

Stine (som har skrive dette innlegget) og Wordfeud. Blått lys blir brukt på alle sidescenar når prøvane er i gang.

Dagens spanande øyeblikk - korleis blir håret?

Takk for oss! Helsing statistane.

Dei første bileta frå "Sezuan.."

Det stor ikkje akkurat stille på Det Norske Teatret i romjula! Både Das Boot og Det gode mennesket frå Sezuan fortsatte med prøvane sine, og på kveldstid spelte Svein Tindberg trufast sin Abrahams barn..

Endeleg er 2012 her, og vi kan by på 26 premierar dette året. Ein del! Førstemann ut er som tidlegare nemnt Det gode best online casino mennesket frå Sezuan den 13. januar – og i romjula fekk Siri audiens og lov til å knipse nokre bilete.. Sjå kor kult det blir! Vi klarar ikkje slutte å smile av dei kule kostymane..