Monthly Archives: desember 2011

Som ein regnbogeee-e-e..

Snart er det jul – og snart er juleframsyninga vår, “Gjøglaren”, over for i år. Giovanni aka Tomm Percy har for første gong vore på teatret! Jentene som også spelar i オンライン カジノ Gjøglaren (Silje Storstein, Kristin Grue, Heidi Ruud Ellingsen og Ellen Dorrit Petersen) har derfor skrive ein eigen sang for å hylle Giovanni og fargane hans. Sjå vår nydelege kliss ferske blodseriøse musikkvideo – kor heiiiile teatret hyllar ballane til Gjøglaren!

 

Les meir om Gjøglaren.

Svein ønskjer deg God Jul

I dag fekk alle på huset moglegheit til å sende ut julekort til venner og kjente av teatret. Vi tenkte vi kunne dele det med dykk og i samme slengen ønskje dykk God Jul, kjære blogglesarar!

Årets julekort frå teatret kan du sjå her – vi har vald å bruke eit bilete av Svein Tindberg, teken i samband med “Abrahams barn”, online casino kor han held om koranen. I tillegg har vi lagt til dette sitatet, som er noko av det Svein avslutter monologen sin med:

“Eg står der berre. Liten, men med ei kjensle av ikkje å ha lese tre heilage bøker, men ei. Ein bodskap i tre bind. Ei bok. 

Skapte Gud Abraham… eller var det Abraham som skapte Gud? Har Gud skapt meg eller er det mine lengslar som har skapt han?”

Dersom du er ein av dei som endå ikkje har set “Abrahams barn” har vi ein god nyhet til deg. Det er billetter att i romjula, og stykket skal framleis spelast heilt til mars.

God jul frå oss til deg!

På ubåt-ekskursjon med Das Boot-mannskapet

Mannskapet frå “Das Boot” tok seg ein koseleg busstur til marinemuseet i Horten for å føle litt på korleis det er å vere i ein ekte ubåt.

“Das Boot” som har premiere 27. januar er faktisk URPREMIERE. Dette er første gong at boka (og den endå meir kjende filmen) blir vist i teaterversjon. Vi rår deg til å ikkje gå glipp av dette!

Sjå video:

Og så  - eit biletedryss frå ubåtutflukten vår!

OBS! Visste du at du i dag kan vinne billettar til nettopp denne framsyninga i Julekalendaren vår? Klikk og vinn!

Busstur til Horten!

 

Niklas lærer seg rett marineholdning av dei meir erfarne.

Vi traff også ein heilt ekte ubåt-kaptein! Hels på "Sjølie".

 

Vi lærte at det er trongt ombord i ein ubåt.

Jon Bleiklie Devik spelar maskinist

 

Nils Golberg Mulvik er óg ein del av ubåtmannskapet

 

Ellen Dorrit Petersen er einaste jenta i flokken - og speler rolla som guide.

Audun Sandem spelar Werner, journalisten som er ombord for å skildre krigen.


Mannskapet fekk til og med ete lunsj ombord i båten

Morosamt på museum! Her ser du sminkør og inspisient :)

.. og med dette biletet seier vi takk for turen! Urpremiere 27. januar, sjåast då!

Julekalender!

Ho-ho-ho snart er det jul, og her på Det Norske Teatret gjer vi gjølvsagt alt vi kan for å korte ned ventetida! Kvar dag presenterer vi eit nytt spørsmål i Julekalenderen vår – og kvar dag kan du vinne 2 billettar til ei av vårens brennaktuelle framsyninger.

I dag opnar best online casino vi med brask og bram – opne luke 1 og høyr kva spørsmål Thomas Bye og Julian Berntzen har å by på..