Monthly Archives: november 2011

Slik blir plakaten til Das Boot

Ein gjeng av våre kjekkaste unge skodespelarmenn skal til våren bli ubåtmannskap ombord på “Das Boot”. Mannskapet på båten vil spelast av Audun Sandem, Lasse Kolsrud, Per Schanning, Kyrre Haugen Sydness, På Christian Eggen, Jon Bleiklie Devik, Gard Skagestad, Nils Golberg Mulvik og Niklas Gundersen. Ellen Dorrit Petersen skal spele guide. Stykket baserast på boka, men dei fleste har nok høyrt tittelen før takka vera filmen.

Kjetil Bang-Hansen vil ikkje ha så mykje med filmen å gjere i teaterversjonen, og det vil vere mykje vekt på det psykologiske aspektet; den tyngande følelsa, det klaustrofobiske og alle menna som sit fast på botnen med lite håp om å overleve og utan å ane kva som skjer i neste minutt.

Plakaten for framsyninga skal beskrive akkurat dette – den trykkjande følelsen.

Vi var med på fotoshooten til plakaten. Sjå film:

Og slik blir plakaten:

Då var det berre å glede seg til Urpremieren, då – fredag 27. januar.

Dei feite menneska frå Sezuan

Mandag 14. november starta prøvane til “Det gode mennesket frå Sezuan” som har premiere på Hovudscenen 13. januar 2012. Det er ganske mykje som er uvanleg med denne produksjonen. Regissør, scenograf, kostymedesignar og komponist kjem frå Tyskland og all kommunikasjon skjer då på ei blanding av tysk, engelsk og norsk. Frå fyrste prøvedag var det også på med prøvekostymane – ikkje dei mest handterbare kostyma, for å sei det slik – men faktisk “fat-suits”( kva kan vere eit godt norsk erstatningsord, må tru? “Tjukk-drakt”?).

Vi vart med då nokre av skodespelarane prøvde deira nye kropp for fyrste gong.

Svei Roger Karlsen sin nye livvidde var så stor at tilskjerar Tommy måtte fram med det store målebandet!

 

Nøgd med sin nye dress og kropp? Kostymedesignar passar på at alle har rett tjukkelse.

Gjertrud Jynge vurderte å bruke sin nye kropp på julebord, så godt likte ho den! Syarskane meinte at den ikkje var stor nok, riktig endå.. og skal nok fylla den ut litt til.

Slik ser ein tjukkdrakt "in the making" ut. Benedicte skjular seg bak .. Akkurat denne drakta skal Øyvin Berven bruke.

Alle dei fine kostymane som lagast heng det skisse av på veggen i systova.

Ingrid Jørgensen Dragland skal spele ein ung gut - og er den einaste som berre skal vere fyldig og ikkje direkte tjukk. Magen var vel litt for stor, vart dei einige om - så den må reduserast.

"Litt mindre ryggflesk, kanskje."

“Det gode mennesket frå Sezuan” har Ane Dahl Torp i hovudrolla, no som ho endeleg er tilbake på Det Norske Teatret. Premiere 13. januar – les meir om stykket!