Monthly Archives: oktober 2011

Er du vår nye Mowgli?

Hausten 2012 set vi opp att supersuksessen vår, “Jungelboken”. Hovudrolleinnehavar sidan sist, Adil, har blitt litt for stor gut kanskje? Vi treng derfor ein ny Mowgli!

Snart er det audition her på teatret. Er du den vi leitar etter? Sprè gjerne denne informasjonen til vener av deg som du trur dette kan vere aktuelt for.

AUDITION

Det Norske Teatret søkjer ein gut over 18 år som skal spele Mowgli i nyoppsetjinga av framsyninga JUNGELBOKA som sist blei spela i 2008/2009

Vi oppfordrar personar med fleirkulturell bakgrunn nbso online casino reviews til å søkje

-  Du må kunne syngje
-  Du bør bu i Austlandsområdet. Audition på Det Norske Teatret

SØNDAG 13. NOVEMBER 2011 FRÅ KL. 12.00.

Send søknad med CV og foto i jpg-format til: audition@detnorsketeatret.no

Søknadsfrist: Fredag 4. november 2011.

Prøvestart er i månadsskiftet august/september 2012 og premieren er 5. oktober 2012. Prøvene er på dagtid og framsyningane blir spela på ettermiddag/kveld.

Alle søkjarar blir kontakta, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til audition. Teatret dekkjer ikkje reiseutgifter til audition, prøver og framsyningar.

Her kan du laste ned annonsen

 

Tv, tvi!

 

2012 blir eit makelaust år!

I går presenterte teatersjefen repertoaret for Det Norske Teatret for heile 2012. Vi har så mykje å by på! Du kan laste ned/lese heile repertoaret her. Det er vanskeleg å plukke ut noko, men på pressekonferansen fekk vi tre smakebitar frå framsyningane.

“Felix Fantastiske Orkester” er vår store familiemusikal til våren, ei frodig og virusll eventyrreise ned i riket til insekta, Felix er ei modig marihøne som begir seg ut på ei farleg – og morosam – ferd. Julian Berntzen har skrive musikken til stykket, og sang i går eit utdrag frå sangen der Felix dreg avgårde på ei lang ferd til den farlege Paddemyra.

Thomas Bye skal spele (og synge!) marihøna Felix

Høyr og sjå Julian frå pressekonferansen i går:

 

Ein av våre andre storsatsingar på Hovudscena til våren er Are Kalvøs meisterverk, nemleg “Noreg – Brasil; Ein fotballopera”.
Er du, som oss, nysgjerrig på kvifor Are valde å skrive eit såpass uvanleg manus? Sjå det (noko lange, men gode!) klippet kor Are kåserer og forklarer. Kameraet spretter nokre gonger litt rundt, men det er diverre slikt som skjer når ein filmar og ler samtidig! Vi lovar online casino at det er verdt å sjå. Verken Drillo eller Kjetil Rekdal slepp unna her.

 

Vi har sjølvsagt ein drøss andre produksjonar neste år, heile 27 stk – så ta ein kikk på repertoaret vårt om du vil lese meir om dei. Ei oppramsing kjem her:

Hovudscenen:

Det Gode Mennesker frå Sezuan- premiere 13. januar
Felix´ Fantastiske orkester – premiere 24. februar
Noreg – Brasil – premiere 23. mars
(Abrahams barn fortsetter frå 3 januar)
Evita – premiere 5. september
Jungelboka – nypremiere 5. oktober
Scene 2:

Das Boot- premiere 27. januar
= Oslo – premiere 2. mars
Sorga kler Elektra – premiere 20. april
Kva er ein skodespelar? – urpremiere 4. mai
(Unge Werthers Lidingar fortsetter frå 12. juni)
Hamlet – premiere 31. august
33. variasjonar – premiere 12. oktober
Gjøglaren – nypremiere 8. november
Scene 3:

Vinterlangt – premiere 20. januar
Skogane – premiere 15. mars
Vi som er hundre – premiere 23. februar
Dramatiserte lesingar i samarbeid med Oslo Internasjonale Teater – frå. 12. mai til 14. juni
Våre foreldres seksuelle nevroser – premiere 23. august
Dødsdansen – premiere 20. september
Himmlers fødselsdag – premiere 18. oktober
Fuck my life – premiere 22. november

 

 

 

 

 

 

 

Ein opera om Noreg – Brasil i 1998

Du trudde aldri du skulle få sjå det, nei? Det er fleire ting med denne framsyninga som kjem til våren som er ganske utruleg. Vi nemner i fleng:

1) Ei framsyning om fotball som også er interessant for dei som ikkje er fotballfanatikarar
2) Ein OPERA om fotball
3) Audun Sandem som triksemeister aka Tore Andrè Flo
4) Vanskeligheten av å sjå forskjellen på Per Schaanning og Drillo.

I samanheng med denne ustyrteleg morosame framsyninga skriven av ironikongen over alle, Are Kalvø, skulle det altså spelast inn ein film i Maridalen med følgjande plot:

Heile familien Flo gjer seg klar for opptak.

Drillo leiter land og strand rundt etter gode fotballspelarar – og til slutt kjem han til ei bortgøym bygd laaaangt inni gokk, oppå fjellet.. I denne vesle bygda kan ALLE spele fotball. Dei triksar når dei lagar mat, når dei heng opp klede til tørk, dei et suppe ut av halve fotballar og alle spelar fotball konstant .. Alle utanom ein gut – Tore Andrè. Han bryr seg ikkje så mykje om fotball før det ein dag skjer noko dramatisk – han blir stukke av ei bie og raser gjennom fotballbanen.. Fintane og taklingane for å kome unna bia er utanomjordisk bra – og det heile blir bivånt av Drillo sjølv som skjøner at NO har han funne stortalentet som han treng for å kunne slå Brasil i fotball! Dette er som sagt ein liten morosam snutt oppi ei framsyning som består av to deler – første og andre omgang.

Filminga av denne snutten kunne by på dei første små stega mot å gjere skodespelarar som Audun Sandem og Per Schaanning om til Tore Andrè Flo og Drillo.

Audun Sandem, no med nybleika Flo-hår

Litt offer må ein då gjera i kunstens navn – Audun, til dømes, er no den heldige guten med nybleika hår på DNT. Ikkje har han spilt så mykje fotball før heller, og som han sølv sa: “Eg har prøvd, men ballen gjer berre ikkje det eg vil at den skal gjere!” Lykke til, Audun. Trening gjer meister!

Her kjem eit bildedryss frå den kreative dagen i Maridalen:

Kan hende det hjelper på trikseferdigheitane å tøye litt ut før start?

På veg ut på banen. No skal det driblast!

Vi var meir enn litt spende på korleis Per ville sjå ut som Drillo – og jammenmeg, stil og til og med støvlar er korrekt 98-årgang.

Teaterverdas svar på Drillo

Kor høgt skal støvlene brettast? Skal båe buksebeina vere nedi?

I god Drillo-stil speidar han etter talent på fotballbanen

Rekvisitør Vanja held god kontroll på rekvisittar

 

Her sit unge Flo då han vert stukken av ei bie - og visar uante ferdigheiter på fotballbanen

Klart til opptak.. Regiassistent Line Grünfeldt og fotografen for dagen

Raymond var med for å ta litt "behind the scenes"-opptak

Berre 5 månader til premiere, no. Vi kjem garantert attende med meir hylande morosamt stoff frå forberedelsane til Norge-Brasil!