Monthly Archives: september 2011

Vår eiga verdsstjerne

Kritikarprisen, altså kritikarane sin eigen pris, blir delt ut kvart år av Norsk Kritikarlag. På Litteraturhuset i dag blei vinnarane i kategoriane dans, musikk og teater endeleg avslørt. Vi er ikkje spesielt blyge når vi stolt kan fortelje at vinnaren i kategorien teater vart Heidi Gjermundsen Broch og hennar verdsklassetolkning av figuren “Diana” i Next to Normal.

Heidi som Diana i musikalen Next to Normal

 ”Heidi Gjermundsen Broch er en usedvanlig nyansert skuespiller med stor forståelse for menneskelig mangfold. Det gjør at hennes rollefigurer oppleves som ekte og troverdige.”, sa Lillian Bikset når ho overrekte teaterkritikerprisen til Heidi Gjermundsen Broch for rolla som Diana i Next ti Normal. (Les heile begrunninga)

Heidi Gjermundsen Broch og Lillian Bikset. Sjølve prisen heilt til venstre i biletet, og ein anonym fotograf som fungerer som rekvisitør for anledninga gøymer seg bak

”Di rolletolking av Diana er i verdsklasse”, sa Erik Ulfsby når han gratulerte Heidi med prisen. Han takka henne på vegne av heile Det Norske Teatret, på vegne av heile teaternoreg. “Eit samla teater takkar deg for den fantastiske kollegaen du er, for at du anerkjenner alle dei skuldrene du står på når du skin. Du ser alle, i alle funksjonar.”

Heidi sjølv var rørt og stolt og sette stor pris på Kritikeralaget si anerkjenning av stor kunst uansett sjanger.  ”Next to Normal er ei veldig spesiell historie som bakmennene Brian Yorkey og Tom Kitt brukte fleire år på å skrive. Men godt stoff tek tid, og det er ei ære å få fortsette arbeidet deira og tyggje vidare på problematikken. Og så delar eg sjølvsagt prisen med ensemblet! Uten dei, inga Diana, for vi går på scenen kvar kveld og spelar ball.”

Ein del av ensemblet i Next to Normal. Frå venstre ser du Charlotte Frogner, prisvinnar Heidi Gjermundsen Broch, Lasse Kolsrud og Jon Bleiklie Devik som spelar mannen til Diana i Next to Normal.

Intervju med NRK Dagsnytt

Next to Normal gjekk for fulle hus i fjor, og den er derfor å sjå på repertoaret i haust også. Men ikkje tru at det er nok for Heidi..  Ho er nemleg plateaktuell i desse dagar, og har nett lansert  den nye plata si; “Blåøyd Jævel”.
Fredag 30. september held ho konsert på Bikuben på Det Norske Teatret.

 

Biletedryss frå Heddaprisen

Vi hadde ein knakande god kveld i går, Sundag 18/9, då norsk teaterbransje var samla på Hovudscene på Det Norske Teatret. Alle var spent på å sjå kven som ville gå av med sigeren av dei gjeve Heddaprisane..

Og slik såg det ut!

Charlotte og Frank, rundt 90 år gamle, opna showet i Evig Ung-stil.

To noko forvirra menneske/pasientar

Sjølvaste Are Kalvø og Iren Reppen leda showet og tulla med alt frå den evindelege nynorsken på Det Norske (...!) til å framføre eigenkomponert dans. Vi lo.

Før Heddaprisane ble delt ut var det også tid for Aksel Waldemar  Johannesens minnepris som går til ein  person som har gjort en særlig innsats for nynorsk som scenespråk. Vi var alle stolte og ikkje minst einige då årets minnepris vart delt ut – Ola E. Bø, dramaturg på Det Norske Teatret, har absolutt gjort sitt for å gjere nynorsken aktuell. Ein oversetjar og ordkunstnar gjennom ei årrekke. Vi gratulerer!

Den gjeve prisen for Beste Kvinnelege Hovudrolle gjekk i år til vår eigen Heidi Gjermundsen Broch for henna enorme innsats som den bipolare Diana i Next to Normal. Gud kor glade vi vart, den prisen er så enormt fortent!

Vi kunne ikke dy oss, vi måtte ha eit bilete til etterpå av smilande Heidi med hennar nye peispynt (?)..

For eit flott par! Hedda og Heidi.

Det er også på sin plass å gratulere Peer Perez Øian med pris for Beste Regi for hans arbeid med “Sjuk Ungdom”. VI er heldige som får ha Peer her denne hausten òg, han er no i gong med “Fundamentalisten”. Er du ein av dei få som ikkje fekk sett “Sjuk Ungdom” i vår, så har du sjansen i haust – ekstraframsyninger er satt opp!

Peer og Hedda på nachspiel

Også Herman Bernhoft fortjener ein ekstra gratulasjon – han vann Heddaprisen for Beste Mannlege Birolle. Vi anbefaler å sjå Herman i “Tida og Rommet” som går på Scene 3 no.

Fullt fortent! Hedda og Herman.

Festen fortsatte på Det Norske Teatret i mange lange timar utover kvelden, sjølvsagt. Slik skal det vere! Vi gratulerer alle prisvinnarane og ser spent fram mot ein ny teatersesong.

 

Kva kan Svein svare deg på?

Har du sett “Abrahams barn”? Sit du att med eit spørsmål eller to? Det er ingen tvil om at Svein Tindberg har presentert materialet sitt på ein god måte, og at dette er noko han har jobba lenge med. Han ønskjer å svare på spørsmål publikum måtte sitje att med, derfor har vi lagt opp til “På Scenekanten” etter fire av framsyningane hans. På tirsdag 13/9 hadde vi første, og godt over halve salen satt att etter at teppet var gått ned (sånn reint bortsett frå at vi ikkje bruker sceneteppe på denne framsyninga, men de tek best online casino vel det teatralske poenget..)

Svein i nærkontakt med publikum

For dykk som har sett framsyninga kan vi no avsløre følgjande: Svein fortalte at ja, kona fekk båtførarbeviset – og han hadde mange gode og orosame historiar som måtte ut av det opprinneleg 4 timar lange manuset for å kome i mål tidsmessig.

Vi møtte Svein rett etter ferdig “På Scenekanten”, for å høyre korleis han tykte det gjekk:

Har du lyst til å oppleve Svein På Scenekanten, kjøp billett til ei av desse framsyningane:  20. september, samt tysdagane 4. og 25. oktober. 

Evig Ung og brannøving!

Det er ikkje så mykje anna ein kan gjere når brannalarmen går, enn å følgje ordre. Marsj ut, og møt opp på avtalt plass, sjølv om ein er kledd i kostyme eller ikkje..

Brannalarmen kimte 12:30 i dag på Det Norske Teatret, midt i prøvane til Evig Ung som kjem opp att i morgon, 14. september. Det vakte derfor litt moro og latter ute på gata når gamlingane kom..!

Håkon Moe er i slaget og gjer ingenting av ein liten brannøvelse. Syster Marit inspiserar pasientane i bakgrunnen.

Trond Høvik er like blid, øvelse eller ei

Og frå og med i morgon kan du sjå Evig Ung att på Det Norske Teatret.

Sett videoen frå framsyninga, forresten? Ikkje det? Ta ein kikk!

 

 

Nytt skodespelargalleri på veg!

Etter at foajeen vår har blitt pussa opp og ser absolutt fantastisk ut med Kafe LØVE og det heile, så viste det seg at vårt skodespelargalleri også trengte å bli “pussa opp”. Nokre av skodespelarbileta som hang i galleriet var over 10 år gamle – og det var mykje hårsveisar og liknande som har blitt endra sidan den tid.

Vil du sjå nokre smakebitar?

Heidi Ruud Ellingsen er slåande vakker uansett kva ho gjer, men synes det er noko vanskeleg å halde vekk smilet på nbso online casino reviews alle bileta.

Foto: Siren Høyland/DNT

Foto: Siren Høyland/DNT

Og eitt til som blei tatt då ho ikkje fylgde med..

Foto: Siren Høyland/DNT

I desse dagar blir altså alle dei 65 skodespelarane som skal vere her denne sesongen knipsa bilete av. Galleriet står klart om ca. 1 mnd!