Monthly Archives: juni 2011

Nominasjonsdryss til Det Norske Teatret!

Dei nominerte til Hedda-prisen var nett offentliggjort, og vi har den store æra av å kunne gratulere oss sjølv med heile 7 nominasjonar frå sesongen vi nett har lagt bak oss! Ein ekstra gratulasjon går sjølvsagt til alle dei nominerte. Vi er stolte av dykk!

I år er det faktisk Det Norske Teatret som er arrangør av utdelinga av Hedda-prisen som finn stad på Hovudscena søndag 18/9 – så hold av datoen!

Dei nominerte frå Det Norske Teatret er:

Beste kvinnelege hovudrolle: Heidi Gjermundsen Broch som Diana i Next to Normal


Beste kvinnelege birolle: Hildegun Riise som søster Aloysius i Tvil


Beste regi: Jonas Corell Petersen for regien av Unge Werthers Lidingar


Beste regi: Peer Perez Øian for regien av Sjuk ungdom

Årets framsyning: Next to Normal


Årets framsyning: Rabinowitz, produsert av Scenekraft i samarbeid med Haugesund Teater, Festiviteten i Haugesund og Det Norske Teatret

Særleg kunstnerisk innsats: Ensemblet i Sjuk Ungdom


Nok ei gong, gratulerer til alle saman! Vi ser spent fram mot 18. september.

Super-Kirsten!

“Eg skjønte ingenting på tirsdagen då eg såg prisen stå på kontoret mitt! Eg hadde fri den fredagen prisen vart delt ut, og godt er det, for eg hadde vel besvimt om eg hadde vore der!” seier Kirsten.

Kirsten jobbar på systova på Det Norske Teatret, og fekk fredag 10. juni tildelt Sverre Bentzen-prisen, ein intern pris, for fantastisk innsats på teatret.

Kirsten Høidahl

Sjefen over alle sjefar på systova er beskjeden, men innrømmer at det var veldig morosamt å få Sverre Bentzen-prisen.

“Sverre Bentzen-prisen vart oppretta i 2007, oppkalt etter Sverre Bentzen,  sjølvsagt, som klarte kunststykket å spele i tre forskjellige framsyningar samtidig ! Riktignok var fysisk tilstades på den eine scenen, på lydband på Scene 2 og video på Hovudscenen. Etter den tid har prisen gått til tilsette på teatret som har gjort ein særskild innsats langt utover kva som er forventa!” fortel Komitèformann Raymond Stubberud – som sjølv har jobba på teatret i nærare 25 år.

"Håper at det er vin i flaska.. men eg har ingen plan for når den skal drikkast .. enn så lenge!" fortel ei smilande Kirsten

 

Den ærefulle prisen - med både diplom og spesialdesigna vinflaske

Kirsten har i aller høgste grad gjort seg fortent til ein slik pris – ho har slått alle rekordar, og har faktisk jobba på Det Norske Teatret sidan før den noverande Teatersjefen vart fødd! Heile 46 år har online casino det blitt sidan ho starta som ekstrahjelp på systova etter å ha teke fagbrev som syarske. Første arbeidsdagen hennar var den gong teatret låg i Stortingsgata – og ho vart vist rundt og fekk sett litt av prøvene på “Aj, aj for en artig krig!” som gjorde stort inntrykk. Det var likevel ikkje så mykje av framsyninga ho fekk sett, for det var mykje å gjere og dei hadde dårleg tid.

Seinare fekk ho fast stilling som tilskjerar etter at venninna hennar forlot den same stillinga for å prøve lykka som lærar i Harstad, kor Kirsten hadde jobba før. Ho er oppvaksen på Myre i vesterålen, ikkje så altfor langt frå Harstad. Første produksjon ho gjorde som tilskjærar var “The King and I”, kor ho hadde ansvaret for alle damekostyma. Som tilskjerar jobba ho fram til 1982 då ho vart leiar for kostymeavdelinga. Populær leiar, må vi seie, for det haglar med godord om Kirsten straks ein entrar systova.

Når ein har jobba så lenge som 46 år på eit teater skulle ein tru at det var mest umogleg å plukke fram ein produksjon som har gjort stort inntrykk. Kirsten vil likevel nemne “Les Misèrables” i 1988 som noko spesielt. Aldri før eller etter har nokon på systova jobba så mykje overtid! Det var jobba seint og tidleg, kvar kveld fram til 22-tida, og kvar lørdag og søndag begynte dei kl 09 – alt for å kome i hamn med den storstilte produksjonen som Les Miserables var. Nokre av kostyma måtte bestillast frå ein fabrikk i England, deriblant 12-14 krinolinekjolar og uniformer til dei mannlege skodespelarane. Ein krinolinekjole aleine tek rundt 100 timer å lage – så dette var heilt naudsynt! Alle kostyma vart solgt til Sverige som satte opp framsyninga i etterkant.

Heile ensemblet i Les Misèrables

“Har du vurdert å arbeide andre plassar” lurar vi på. Kirsten ler – “Nei, det har eg ikkje hatt tid til å tenke på ei gong!” seier ho. Vi tvilar ikkje! – for telefonen kimar støtt og det er alltid nokon frå systova som kjem bort for å spørre Orakelet, som ho også kallast, om noko. Og Kirsten gjer seg ikkje. Til hausten er det Namnet og Bondestudentar ho tek til med, før ho går inn i sitt syttiande år og vurderer å ufrivillig pensjonere seg. Og så ringer telefonen att .. :)

God stemning på Systua! Kirsten og Benedicte mimrar og ler

Tidlegare vinnarar :

2007: Sverre Bentzen
2008: Igor Zamarajev
2009: Tor Arne Vik Haugen
2010: Karin Fristad

 

Full fyr for Shockheaded Peter!

Vi nådde ein milepæl for Shockheaded Peter i går! (De veit, skrekkabinettet av ein musikal som kjem på Hovudscenen vår til hausten..!) Første pyro-prøve blei gjennomført, og både NRK og Dagbladet var til stades for å bivåne det heile.

Heidi Ruud Ellingsen spelar eit ulydig barn, sjølvsagt, som leiker med fyrstikker – og brenn opp!

Før Heidi skal prøve å brenne på ordentlig var Kjetil som er teknisk leiar her på teatret prøvekanin.

Kjetil on fire! Per-Morten passar på.

Heidi følger med, og veit at ho er nestemann ut...

Pyroteknikar Per-Morten forklarar alle som skal jobbe med Schockheaded Peter om sikkerhet og rutinar rundt dette stuntet. Sikkerhetsutstyr - nitrogen - er på plass!

Heile crew'et frå Shockheaded tok pause frå prøvane for å få med seg dette. Her ser du sjølvaste omsetjar av framsyninga, Are Kalvø, saman med bandleiar Espen Beranek Holm. Teatersjef - og også regissør av denne framsyninga - Erik Ulfsby heilt til høgre!

Og så var det tid for at Heidi skulle prøve. Alle sikkerhetsprosedyrar og reglar blir først forklart, før ho tek på seg sikkerhetsutstyret og spesialklede.

Alle tek godt vare på Heidi aka. det ulydige barnet som brenn opp.

Brennbar smørje smørast på..

Utstyr som brukast

Full fyr! Heidi er ikkje så redd som det ser ut til, ho har nemleg fått instruksjonar frå Erik om å øve på den aktuelle scenen. Godt spelt!

Og vil du sjå meir bilder av Heidi i full fyr bør du sjå videoen under! På sjølve framsyninga skal begge armana til Heidi brenne, så det blir ei utfordring..!