Monthly Archives: mai 2011

Kjære Landsmenn!

Det at Herborg Kråkevik bur i Danmark er eigentleg ganske trist for Noreg – for eit slikt eksemplar av arten nordmenn er sjelden! Herborg er ei superdame – og heldigvis skal ho gjeste Det Norske Teatret til hausten med framsyninga som ho sjølv har skrive og skal framføre; “Kjære Landsmenn”. Dette blir hennar skråblikk – men òg hyllest! – til Noreg og det norske folk.

Herborg hadde også lyst til å lage ei helsing til sine landsmenn i anledning 17. mai, så derfor møtte vi henne framfor Stortinget best online casino 09:30 sundag morgon for ei lita filminnspelning til fans av Det Norske Teatret si Facebook-side,  akkurat like blid som du trur at ho alltid er!

Herborg Kråkevik - mellom bygene framfor Stortinget. Sannelig kom også sola nokre minutt!

Herborg og teamet hennar, deriblandt Teatersjef Erik Ulfsby som skal vere regissør, er i full gang med å skrive og planlegge framsyninga. Fram mot premiere vil vi på Facebook-sidene våre og denne bloggen følge ho i prosessen frå Danmark med små videosnuttar! Gled deg..

Her er helsinga frå Herborg – med SONG til det norske folk!

 

Premieretorsdag på Scene 3

“Ulovleg Norsk” er sistemann ut i den lange premiererekka her på teatret i vår. Vi har vente og vært spente på korleis regissør Nina Wester har fått til denne framsyninga ut ifrå ein historie som dei fleste kjenner til frå media.

OG, for ein kveld det blei! Ståande applaus og eit overvelda publikum som absolutt blei både gripne og rørt. Bildekavalkade:

Skodespelarane tek i mot velfortjent applaus!

Snille Maria Amelie hadde kjøpt vakre peonar til heile gjengen! Flaks at dei overlevde ein lang dag i snekkerverkstedet sitt kjølerom!

Ingeborg har hovudrolla som Maria Amelie

Ingeborg S. Raustøl

Alltid like glade regissør Nina og skodespelar Ingeborg på bakscenen etter premieren

Fantastiske ensemble! "Loven" aka. Espen i midten

Kjærleik og glede på bakrommet..

Og Maria Amelie slapp sjølvsagt ikkje unna litt presse denne gongen heller :)

Framsyninga går på Scene 3 heilt til midten av juni – og dersom du har ungdomskortet får du ungdomskortpris på alle framsyningane!

Kva skal barnet heite?

Nei, DET må du vente heilt til hausten med å få greie på!

I dag hadde vi fotoshoot til plakaten til framsyninga “Namnet” av Jon Fosse som kjem på Scene 2 til hausten. Namnet handlar om Jenta og Guten som skal ha barn – det er like før fødselen, men dei har ingen stad å bu. I tilegg har dei endå ikkje blitt einige om det dei fleste foreldre må stri med – kva skal barnet heite?

Ellen Dorrit Petersen spelar Jenta som er gravid – og då bildane skulle tas i dag måtte Ellen sjølvsagt ha på falsk mage!

Her er vi i gong på høgre sidescene. Fotografen instruerar.

Guten og Faren og Jenta. Og fotografen.

Oversiktsbilde - det er mange som er involvert!

Svein Roger Karlsen spelar faren - som kanskje ikkje er nøgd med at Jenta er gravid med ein gut han ikkje har helst på..

"Den er for trang! Og magen for stor!"

 

Etter sjekk av eit par bilder såg det ut som om genseren over den falske magen var litt for trang slik at ein kunne sjå “bulkane” i den – men salgssjef Kristin visste råd.. og tok affære:

Alternativ kostymetilpasning!

Vi gler oss til plakaten blir ferdig!

Kan du låne oss ei studenterlue?

Universitetet i Oslo har 200-års jubileum i 2011, og i samband med dei set vi til hausten opp framsyninga “Bondestudentar” for å markere dette.

“Bondestudentar” er skriven av Arne Garborg på slutten av attenhundretalet, og skildrar ei klassereise til ein ganske arrogant bondegut frå Jæren som tek artium på Universitetet i Oslo. For å gjenskape dette treng altså kostymeavdelinga på Det Norske Teatret hjelp frå dykk! 20 studentar skal ha på seg studentluer som var i bruk heilt fram til 1970-åra her i Noreg.

Slik ser ei studenterlue ut! Har du ei liggjande? Har mor di ei liggjande som vi kan låne?

Kan du hjelpe?

Kostymeavdelinga vår er voldsomt interessert i å få låne slike luer dersom nokon har ei liggjande. Vi lover å behandle dei forsiktig og bra, og du vil få lua attende straks Bondestudentar er ferdigspilt. Vi hadde vore evig takksame! Har mor di ei liggjande? Far din? Onkel? Tante? Vi tek nbso online casino reviews i mot alt av tips om korleis vi kan få tak i slike luer!

Luene skal helst vere mellom str. 57 – 62, og vi treng heile 20. stk!

Ta kontakt med avdelingsleiar på kostyme;
Anette Hellenes på e-post anette.hellenes@detnorsketeatret.no,
eventuelt tlf. 22 73 45 76.

Siren fekk tak i ei studenterlue på loppemarked på Kjelsås i helga! Men vi treng framleis 19 stk til...

Ein rikskjent koffert

Det er kanskje ikkje så enkelt å vere koffert. I alle fall ikkje hvis eigaren din er Maria Amelie. Då skal ein filmast av både NRK Dagsrevyen og NTB i tillegg til å vere ein ganske så kul rekvisitt i ei mykje omtalt framsyning på Det Norske Teatret.

Maria Amelie kom på besøk til teatret i dag, og ho har vore her fleire gonger allereie. Ho har fulgt prøvene på framsyninga som tek utgangspunkt i boka hennar, “Ulovleg Norsk”, men denne framsyninga handlar også om andre papirlause i Noreg og deira oppleving i same situasjon.

Denne framsyninga har fått mykje merksemd i pressa, og det ser ikkje ut til at det minkar no fram mot premieren som berre er ei veke unna.

Sjå bilder og video frå dagens prøver – pressekaos og flinke skodespelarar!

I dag møtte Maria NRK Dagsrevyen - heile reportasjen kan du sjå mandag kveld (9. mai)

"Dette er ikkje berre historia om meg, den handlar om mange liknande skjebnar i Noreg i dag. Eg er glad for at teatret vel å ta tak i denne problemstillinga" seier Maria Amelie

 

 

Ingeborg S. Raustøl som Maria Amelie og Espen Løvås som "Loven". Vi trur dei fleste jus-studentar er litt misunnelege på denne t-skjorta..

 

Alle Maria Amelie'ane

NRK Dagsrevyen filmar opphøgde Espen aka "Loven".

Regissør Nina Wester instruerar

Ingeborg saman med Ragnhild Hilt og Sverre Bentzen

Ei veke til premiere – skal du sjå framsyninga? Det er framleis billetter igjen! Ikkje til premieren, sjølvsagt – den har vore fullbooka i mange veker allereie, og det er til og med venteliste.. :)