Monthly Archives: april 2011

DUS-Festivalen blåst i gang!

“Lærlingan” frå Molde har verkeleg gjort Oslo oppmerksam på at DUS er i gang – trompet og blåseinstrument kunne høyrast fleire kvartal unna då festivalen skulle ha offisiell opning i ettermiddag. Sjå video!

Alle DUS’arane var på plass då Teatersjef Erik Ulfsby åpna festen – dramatikarane vart takka, og alle fekk øve på applaus – for det vart applaudert i store mengder!

Sjå bilder frå åpninga på Det Norske Teatret:

Lærlingan skuffar ikkje - og gjer alt dei har utanfor Det Norske Teatret før offisiell åpning av DUS

Avslappa kule DUS'arar lader opp til åpning inne i foajeen

Stor applaus for dramatikarane

Heftig mykje publikum i foajeen!

Lærlingan underholdt like godt litt inne også!

Dramatikar og forfattar av stykket "1975", Jesper Halle, skal sjå alle framsyningane av sitt eiget stykke under DUS-festivalen. Han uttalte at han godt kunne ha ein heilt egen festival - og invitere alle dei gruppene over heile Noreg som hadde framført "1975" då alle var fantastisk flinke!

Det Norske Teatret er no klar for 3 dager proppfull med gode prestasjoner frå heile Noreg! Det er framleis billettar igjen til nokre framsyninger, og billettar kan kjøpast via nettsidene våre.

Tvi, tvi!

Arge auge på konkurrentar

Vi møter fem glade ungdom frå Bergen som nett har kome til Det Norske Teatret for å vere med på den offisielle åpninga. “Apropos Horisontalen” kallar deg seg, og skal framføre stykket “1975″ av Jesper Halle. No brukar dei litt ledig tid på å studere konkurrentane sine – det er nemlig fleire som skal framføre “1975″.

Regissør Rassmus diskuterar med ensemblet sitt - og dei er einige om at det er mange flinke teatergrupper med i DUS

Aktiv avslapning og studering av konkurrentar

“Haha, mykje peace-merker ute og går!” ler Regissør Rassmus Bringslid. Kostyma speler naturleg nok ei stor rolle for å sette stykket i korrekt tidsånd. “Sukk, tenk om vi hadde hatt ei eiga kostymedame!”

Men ensemblet har absolutt ofra mykje for kunsten på kost&mask området – Albertine har farga håret rødt fleire gonger for å komme inn i rollen – men det blir ei blond jente Oslo får sjå, ettersom håret mest sannsynlegvis ville ha falt av om det skulle fargast fleire gonger.

Blonde Albertine heilt til venstre - og hennar medskodespelarar Tanita Guldbrandsen og Lina Taule Fjørtoft

To av desse jentene har til og med gjett opp russedåpen som skulle skje i Bergen denne helga – alt for kunsten!

“Apropos Horisontalen” er siste gruppe ut på DUS-festivalen, og du kan sjå dei Lørdag kl.17:30 og  19:30 på Scene 3.

Her ser du nokre bilder frå framsyninga i Bergen:

Albertine - her med rødt hår!

Kompisgjengen frå Molde

Det burde nok stått “Kompisgjengen frå Molde – OG OMEGN” – for dette vart sagt ganske så ettertrykkeleg av teatergruppa “Lærlingan” som kjem frå Teateret Vårt i Molde. Allsidighet er nok eit stikkord for denne gjengen – her finn du både ein blikkenslagar, ein elektrikar, studentar og yrkesaktive, teaterfolk og musikarar i ei samansmelta gruppe som er voldsomt klare for å vise fram sitt stykke.

Ein veldig blid del av "Lærlingan" som står klar for å sleppe inn til sin første prøve.

Dei vart satt saman for å setje opp “1975″ til DUS-festivalen, men dei har fått såpass sansen for teaterlivet at dei no har planar om å setje opp ein casino musikal til sommaren. Ein stor gjeng har tatt turen frå Molde – det er heile 15 personar med i ensemblet. I tillegg har dei med seg eigne folk på lyd og lys – samt ei mor. Mødre må til!

Det blir mykje musikk i framsyninga, og eige band på scenen. Ingen tvil om at dette er ein engasjert gjeng – eigne spesiallaga gensarar vart klare i går!

Sjå opp for “Lærlingan” – dette er ein gjeng med stort talent. Vil du sjå dei den korte tida dei er i Oslo, så tilrår vi at du kjem til Scene 2 i morgon kl 19:30.

Ein dramatisk start

Sjøbodteateret frå Vestfold og Teater Ibsen hadde første prøve på si framsyning, “Nasjonal Prøve”, på Scene 2 no i kveld – men alt gjekk ikkje heilt etter planen..

Sjøbodteateret på plass på Scene 2

Det er mange som skal øve på kort tid på dei to scenene som DUS vert arrangert på, og tidsplanen er streng. Det skapte derfor hovudbry for dei fleste involverte då Sjøbodteateret sitt tog vart forseinka, og prøven ikkje kunne begynne før 45 minutt etter skjema. Ikkje nok med det – stykket er innøvd på tregolv og scene 2 har teppe. Kulissar skal flyttast og ein viktig del av stykket er ein feiekost som skal feie opp papirbitar. Dette lar seg naturleg nok ikkje gjere like godt på eit teppe..

Teknikarane må trå til og endre på kulissane slik at det blir mogleg å flytte på dei sjølv på teppegolv. Improvisasjon!

Vel. så kva online casino gjer ein kreativ regissør når ein feiekost må erstattast? Hentar inn ein løvblåsar, sjølvsagt! Den får gjere nytta.

Ein løvblåsar. Eller løvsugar. Den gjer litt av kvart.

Men Sjøbodteateret let seg ikkje distrahere av alle endringane – dei leverte ein god teknisk prøve. Dei fekk til og med tid til å øve på å ta applaus!

"Bukk-klapp-klapp-klapp-reis"

Vil du sjå Sjøbodteatret framføre “Nasjonal Prøve” med smell og våpen (vi kan garantere action) bør du kjøpe billett til deira framsyning i morgon kl. 17 på Scene 2.

Tvi, tvi!

Ein pupp vert til

Det var kanskje ei overskrift du aldri hadde trudd du skulle sjå her, men jaudå – kostymeavdelinga her på huset kan det meste, til og med lage ein pupp. Dei er riktignok fylt med saccokuler, men …

I desse tider lagast kostymane til “Shockheaded Peter”, og to heldige mannlege skodespelarar (vi kan dessverre ikkje avsløre kven dei er endå) skal få lov til å ikle seg “fat-suits” – med kvinnelege former! Rollene skal vere barnepleiarar til Harriet, ei jente som brenn opp fordi ho leiker med fyrstikker.

Slik startar det heile..

Dette er mønsteret til noko som seinare kjem til å bli ein dobbel E. Minst.

Og slik ser den ut ferdig sydd saman - og ferdig fylt.

Tove Svartsund, tilskjerar ved kostymeavdelinga, forklarar og fortel. Puppen er fylt med plastgrenolat for å gje den rett tynge og sakkokuler og vatt for å gje den rett form. Fire personar frå avdelinga bruker eit par veker på å sy heile kostymet ferdig frå start til slutt – så det er tidkrevande arbeide. Det er fyrste gongen mange på avdelinga lagar eit slikt kostyme, og derfor er det mange  vurderingar fram og tilbake for å komme fram til dei beste løysingane.

Og slik skal den altså hengje på drakta! Ikkje aleine, sjølvsagt.

To stk. er å plass!

To stk. på plass! Her har også magen blitt fylt ut med vatt for å skape dei rette formene.

Tove og eit par andre har vore med på eit kurs saman med mange andre kulturinstitusjonar i Noreg for å lage eit slikt kostyme før, og denne drakta lånar no kostymeavdelinga på Det Norske Teatret for å få litt inspirasjon.

Drakta vil komme til å sjå ca. slik ut. Dette er ei prøvedrakt som kostymeavdelinga hos oss laga saman med mange andre kostymeavdelinger i Noreg - mellom anna Oslo Nye, NRK og Nationaltheatret.

 

Båe draktane som syast til Shockheaded Peter kjem nok ikkje til å bli selde på kostymesalet som teatret held av og til – dei kjem til å bli spart som idèmateriale til seinare.

Vi skal sjølvsagt vise dykk den ferdige drakta – og ikkje minst fortelje kven dei heldige mannlege skodespelarane er etter kvart..


Noregs nye teaterhåp

Det er under to veker igjen til DUS-festivalen, og snart kjem dei 11 vinnargruppane som er utvald til å framføre sine verk på Scene 2 og Scene 3 på Det Norske Teatret. Vi gler oss!

Frå Hammerfest i nord til Sandnes i sør var heile 70 produksjoner med, og på sjølve DUS-festivalen vil bilder frå alle produksjonane stillast ut i foajeen vår.

Her ser du nokre av dei:

Alfarheim Lille Friteater - "Nasjonal prøve" - frå Teater Innlandet

Apropos Horisontalen - "1975" - frå Bergen

BABU - "Om du kunne" - frå Oslo

BoUT frå Rogaland Teater

Bømlo Kulturskole - "Nasjonal prøve" - frå BergenDages Kulturverksted - "Om du kunne" - frå Hålogaland

 

Galeiscenen - "1975" - frå Teater Ibsen

Karmøy Kulturskole - "Super" - frå Rogaland Teater

Kattateatret - "Om du kunne" - frå Oslo

Mosjøen - "Super" - frå Nordland fylke

Samovarongan - "Super" - frå Hålogaland Teater

Berre to veker igjen!

Om to veker går startskotet for årets DUS-festival her på Det Norske Teatret.

På denne sida vil vi underveis i festivalen poste innhald frå dei ulike gruppene som skal opptre, video og bilde frå deltakarane – online casino og gje eit inntrykk av alt som skjer i huset desse dagane.

Ikkje gå glipp av dei nye norske dramatikk-håpa for framtida! Kjøp billett

Ein livkjole her og eit skjørt der

Det er ikkje berre kongefamilien som resirkulerer kleda sine…  vi er minst like gode! Sjølv om vi har 11 kostymemakarar og eit proppa lager blir mange av kostyma brukte i fleire produksjonar. Dei blir resirkulert, blir sydd opp og ned, inn og ut – og så kan dei brukast på nytt! Systova har vridd og vrengt hovuda sine for å finne gode eksempel der kostyma har fått nytt liv.

Nina Woxxholt som Laurencia i "Historia om ein landsby" frå 1997 - i finfint blått skjørt

Litt nål og tråd og vips! - så forandrast eit middelalderskjørt til eit noko slitt sjørøvarantrekk. Her er Unn Vibeke Hol i "Skatten på Sjørøvarøya", våren 2011

Ein observant lesar av bloggen vår la merke til at Vidar Magnussen sin livkjole i “Handverkarane” likna mistenkeleg på eit kostyme som Frank Kjosås hadde på seg i “Jesus Christ Superstar”. Vi sjekka dette opp med kostymeavdelingas eige orakel, Benedikte Folkman, som kunne fortelje at dette på eit vis kunne stemme. Den omtalte kvite livkjolen vart originalt sydd til Niklas Gundersen som var understudy for Frank i “Jesus Christ superstar”. Frank vart heldigvis aldri sjuk, og livkjolen blei derfor ikkje brukt – før no!

Frank Kjosås som Judas i "Jesus Christ Superstar", hausten 2009

Frank Kjosås som Judas i "Jesus Christ Superstar", hausten 2009

Vidar Magnussen i sin kvite LIVKJOLE (ikkje "dress" seier kostymeavdelinga.. fy, fy) i Handverkarane, våren 2011

Eit anna populært plagg har vore eit nagleinsett skinnskjørt – det funkar både på han- og hokjønn, ser det ut til.

Det svarte skinnskjørtet dukka første gongen opp i HAIR hausten 2006

Neste gong skjørtet fekk sjå scenelyset var under Jungelboka, hausten 2008 - denne gong på Baghera, spelt av Lars Jacob Holm

Vi er framleis på leiting etter kostymer som har vore brukt fleire gonger – kan du hugse nokon?

Hei i heisen!

Desse to herrane dukka opp i heisen mellom maskeavdelinga i femte og utgangen i første høgda i går. Dei var på veg til Lillestrøm Kultursenter for å gje heldige lærarar ein smakebit av musikalen “Shockheaded Peter” som kjem hos oss til hausten.
Det at både Espen Beranek Holm og Atle Halstensen casino skulle sitje slik i ein taxi heilt ut til Lillestrøm er ganske moro å sjå for seg..

Espen Beranek Holm og Atle Halstensen i full Shockheaded Peter-mundur

Vi har faktisk ein kort video av showet deira på Lillestrøm – høyr Espen fortelje kva Shockheaded Peter handlar om. OBS! Ikkje noko for deg som meiner at alle barn er små englar, snille som lam eller søte som sukker til eikvar tid…

To be, or not to be…

Ein heilt vanleg gang med ei heilt vanleg handlevogn.

Alt ser roleg og fredfylt ut i femte høgda.

Men ved nærare ettersyn…

Desse småfrøknene har dessverre måtte bøte med livet..

Kva i .. massemord! Årsaka til denne grusomme parteringa er dessverre best online casino ukjent , men enn så lenge har Herve, supersjef på Scene 3, eit forslag til korleis dei kan brukast i teatersamanheng.

På nynorsk: Å vere, eller ikkje vere..