Monthly Archives: mars 2011

Tunga rett i munnen!

Billettluka på Det Norske Teatret har det til tider moro på andres bekostning. Det er ikkje alltid like lett å hugse tittelen på stykket ein skal sjå … Her er faktiske eksempel  på det billettluka har blitt bedt om å selje billettar til – kan du gjette kva framsyning dei eigentleg meiner? :)

Next to Norway
Next to Nothing
Next to Normally
Next to crazy
Next to Neverland
Never Normal
Next to Living
Den Normale Mannen

(.. det dei eigentleg ville ha billett til var sjølvsagt Next to Normal!)

Den Rosa Tanta
Den Rosa Panteren

(… Oscar og den rosa dama)

Never Lame
Wonderland

(.. Neverland!)

Den Norske Hagen
Den Heilage Hagen
Ut i vår Hage

(Den Hemmelege Hagen)

Og til slutt dei aller beste eksemplarane av tungekrøll:

Eg elskar deg, du har så lange armar
(Eit sammensurium av “Eg elskar deg” og “Vi har så korte armar!)
Katten på Sjørøverøya (Skatten på Sjørøvarøya)
Ekstra Ung (Evig ung)
Jesus Star Super Christ (Jesus Christ Superstar)
En Rom (Enron)

 

 

Eit sterkt redigert bilde!

 

Slik lagar vi plakat til ei framsyning – “Shockheaded Peter” denne gong!

Dei fleste plakatane til framsyningane våre har bilde av skodespelarane, og for å lage det som vi i marknadsavdelinga kallar “uttrykk” (altså sjølve plakaten og det som folk skal kjenne igjen framsyninga på) så har vi ein fotosession i forkant.
Denne gongen er det “Shockheaded Peter” som skal til pers – sjølv om det er over 6 månader igjen til premiere…!

Litt innføring i tematikken i stykket først, kanskje? Shockheaded Peter er 10 forteljingar om kor fæle barn kan vere, og korleis det går med barna når dei ikkje høyrer etter kva foreldra seier. Boka heiter originalt “Der Struwwelpeter” og er tysk. Boka vart skriven av ein barnelege som leitte etter ei passande bok til sonen sin på 3 år – men han fann ikkje noka bok han var nøgd med, så han skreiv likegodt ei sjølv.

Shockheaded Peter har gått for fulle hus i England og USA. Endeleg er det tid for Noregspremiere!

Espen Beranek Holm og Vidar Magnussen har to viktige rollar, musikalsk ansvarleg og Seremonimeister. Først skal vi ein tur innom maskeavdelinga. Kostyme og sminke er nøye planlagt og vil vere likt det som skal brukast i sjølve framsyninga.

Først ein tur i maskeavdelinga

Først ein tur i maskeavdelinga

Espen Beranek Holm i sminkestolen

Espen Beranek Holm i sminkestolen

Malersalen ferdig rigga - og både fotograf, salgssjef, sminkør, regissør og scenograf er på plass

Vidar Magnussen poserar

Vidar Magnussen poserar

Espen Beranek Holm

Espen Beranek Holm

Sjå gjerne videoen vi har laga!