Monthly Archives: februar 2011

Ei veke på Det Norske Teatret

Fotograf: Maia Strand

Hei! Eg heiter Sunniva, og denne veka har eg vore på arbeidsveke her på Det Norske Teatret. For det meste har eg jobba på informasjonsavdelinga, men eg har også vore litt rundt på huset. Eg har fått mange forskjellige oppgåver, og nokre av dei var å ta eit par bilde til internavisa, vere sendebod, leggje ut bilde frå ei framsyning på facebook og blogge på best online casino denne bloggen. Ida, Maia og dei andre på avdelinga har vore så greie og snilel at det er ikkje måte på! Dei har gjort denne opplevinga så fin for meg. Denne veka har eg eigentleg berre kost meg, det kjem til å ta lang tid før eg gløymer ho. Kantinepraten, alle dei forskjellige avdelingane, tinga som er her og dei hyggjelege folka er noko av det eg vil tenkje på når eg tenkjer på desse dagane.

Så da vil eg berre seie tusen takk for at eg fekk komme hit! Så sjåast vi sikkert ein gong :D

Hjerteleg hilsen Sunniva <3

"Vi har så korte armar" lagar musikkvideo!

Eller, det vil seie: forsøker å lage musikkvideo.

Ei av oppsetjingane som vi jobbar med no handlar om litt forknytte og pietistiske ungdommar frå bygda som er oppvaksne med kristendom, og derfor spelar dei inn salma “Ungdommens frelsar” – og det er altså denne salma som vi no forsøker å lage musikkvideo ut av. Ikkje akkurat lett å komme unna flosklar og klisjèar!

Cast - korte armar

Niklas, Kristin, Silje og Audun forsøker å spele inn den krevande "Lene seg opp mot eit tre"-scenen. Snart skal det klinast..

Valentindagen blei alt anna enn varm og koseleg for denne gjengen som heldt til i Slottsparken i fleire timer på jakt etter det perfekte bildet.

Siren filmar, regiassistent Mari instruerar og regissør Marit ler

Niklas slår til medan han har sjansen..

.. og så var det Silje og Audun sin tur, aka. Liv og Ølgjer

Heile "VHSKA"-gjengen! Evnt "Vi har så korte armar". Åh, lang tittel.

Etter å ha spilt inn nokre ganske kleine scener var det intervju med Aftenposten på gode og varme Åpent Bakeri!

Regissør Marit Moum Aune med sine betrodde skodespelarar Audun Sandem og Silje Storstein.

Resultatet, dvs. den noko kleine kristne musikkvideoen, skal snart vere klar. Regiassistent Mari redigerer som ein gal for tida. I tillegg til desse scenene har vi også spelt inn m.a. ein oppvaskhanskedans på taket av teatret og intense scener i lydstudio!

:-D

Berre nokre få veker igjen til premiere no – 4. mars!

Folkens!

Hei! Velkommen til den nye bloggen til Det Norske Teatret!

Vi som jobbar på teatret har rett og slett så mykje å fortelle frå huset vårt at vi måtte lage ein eigen blogg for å dele litt av dramatikken som skjer innanfor teatrets vegger med dykk.

Dersom du har spesielle ønske om å sjå bilde frå ei framsyning i 1976 eller vil sjå korleis lysbordet på teatret ser ut eller andre merkelege ting, så tek vi imot ønske om akkurat dette. Send ein e-post! siren.hoyland (krøllalfa) detnorsketeatret.no

Snakkast!