Category Archives: Det merkelege som hende med hunden den natta

Kostymeprøver på "Det merkelege som hende med hunden den natta"

13. mars blir det premiere på Det merkelege som hende med hunden den natta på scene 3 og skodespelarane er komne godt i gong med prøver. Framsyninga er basert på bestseljaren til Mark Haddon og blir for første gong sett opp på norsk scene. Dette er ei vakker teaterhistorie om ein gut som er annleis, men med kjensler og draumar som alle andre. Her er ingen skurkar, berre vaksen tankeløyse og uforståelege handlingar gjord i beste meining. 24. februar hadde skodespelarane sine første kostymeprøver og vi var inne og tok nokre bilete: 

Emil Johnsen spelar 15-årige Christopher. Han og Marie Blokhus har spela saman tidlegare, i framsyninga Over open avgrunn på scene 3.

Kostyma er alt frå silkeskjorter og leopardkjoler til capsar og rastafarihuer.

Marie Blokhus er Siobahn, lærarinna til Christopher.

 

Regissør Trien Wiggen.

Christopher er veldig glad i hunden til fru Shears.

Geir Kvarme er med i rolla som naboen til Christopher, Herr Shears.

Innimellom kostymeprøvinga blei det også tid til å øve på nokre av songane til framsyninga.

Skodespelarane spela gjennom nokre av scenene.

Christopher er ikkje som andre femtenåringar. Han likar ikkje at folk tar på han, seier alltid sanninga og går på spesialskole.

Espen Reboli Bjerke spelar Ed, faren til Christopher.

Christopher blir ute av seg når han finn hunden til fru Shears død i hagen hennar, spidda med eit hagegreip.

 

 

 

 

 

Ein prøvedag på scene 3

Premieren på  Det merkelege som hende med hunden den natta nærmar seg. Vi er stolte av å ha noregspremiere på stykket som har fått heile 7 Olivier Awards i Storbritannia og som for tida går for fulle hus på Betty Nansen Teatret i Danmark. Skodespelarane jobbar stort sett kvar dag på scene 3 og det er ikkje berre replikkar som skal sitte, skodespelarane skal både syngje og spele òg!

Fins det eit instrument som Marie Blokhus ikkje kan traktere? Neppe!

online casino’s title=”1911882_10152176241592225_837637836_n” src=”http://blogg.detnorsketeatret.no/wp-content/uploads/2014/02/1911882_10152176241592225_837637836_n.jpg” alt=”" width=”640″ height=”960″ />

Jan Grønli er attende hos oss etter å ha vore på tur med Riksteatret sin "Mens vi ventar på Godot"