Category Archives: Ukategorisert

Tre veker til premieren!

Med omlag tre veker til Spelemann på taket har premiere, er det store ensemblet i gong med lydprøver på hovudscenen. Musikalen har nærast ikonisk status, og det er ingen små sko Pål Christian Eggen skal fylle når han trer inn i tittelrolla som Tevje. Det er mange instrument og stemmer på scenen samstundes, så lyddesigner Atle Halstensen er på plass for å sikre at lyden ber harmonisk ut i salen. 

Espen Bråten Kristoffersen får justert mikrofonen. Han spelar Pertsjik i framsyninga.

Herborg Kråkevik tok ein spontan imitasjon av Mette Marit under lydsjekken!

Niklas Gundersen øver seg på å danse med ei flaske på hovudet! Det skal han gjere i rolla som Mordcha.

I bryllaupet til Motel Kamzoil og Tzeitel.

Heidi Ruud Ellingsen og Espen Kristoffersen.

Nokre av dei flotte instrumenta og musikarane i framsyninga.

Sjølvaste Tevje.

Ingeborg Raustøl er i rolla som Tzeitel.

Pertsjik og Hodel dansar i bryllaupet.

casino online title=”STBR0118″ src=”http://blogg.detnorsketeatret.no/wp-content/uploads/2014/02/STBR01181-1024×683.jpg” alt=”" width=”500″ height=”333″ />

Brudeparet.

Tevje og Hodel!

Fleire av skodespelarane er også innom kostymeavdelinga denne veka, for å få tilpassa kostyma sine. Vi vart med Paul Åge Johanessen når han fekk tilpassa sitt kostyme. Her vert det mykje ull og mange lag, så det er ingen fare for at skodespelarane skal fryse på scenen!

Paul Åge Johanessen skal spele fleire roller i Spelemann på taket. Her prøver han jødekostymet.

Kostymedesigner Ane Åsheim sjekkar kva justeringar som er nødvending.

Kostymet Paul Åge skal bruke i rolla som politimann.

 

 

 

 

 

official site

Kostymeprøver på "Det merkelege som hende med hunden den natta"

13. mars blir det premiere på Det merkelege som hende med hunden den natta på scene 3 og skodespelarane er komne godt i gong med prøver. Framsyninga er basert på bestseljaren til Mark Haddon og blir for første gong sett opp på norsk scene. Dette er ei vakker teaterhistorie om ein gut som er annleis, men med kjensler og draumar som alle andre. Her er ingen skurkar, berre vaksen tankeløyse og uforståelege handlingar gjord i beste meining. 24. februar hadde skodespelarane sine første kostymeprøver og vi var inne og tok nokre bilete: 

Emil Johnsen spelar 15-årige Christopher. Han og Marie Blokhus har spela saman tidlegare, i framsyninga Over open avgrunn på scene 3.

Kostyma er alt frå silkeskjorter og leopardkjoler til capsar og rastafarihuer.

Marie Blokhus er Siobahn, lærarinna til Christopher.

 

Regissør Trien Wiggen.

Christopher er veldig glad i hunden til fru Shears.

Geir Kvarme er med i rolla som naboen til Christopher, Herr Shears.

Innimellom kostymeprøvinga blei det også tid til å øve på nokre av songane til framsyninga.

Skodespelarane spela gjennom nokre av scenene.

Christopher er ikkje som andre femtenåringar. Han likar ikkje at folk tar på han, seier alltid sanninga og går på spesialskole.

Espen Reboli Bjerke spelar Ed, faren til Christopher.

Christopher blir ute av seg når han finn hunden til fru Shears død i hagen hennar, spidda med eit hagegreip.

 

 

 

 

 

Charlotte, Jon og Frank er blitt fast tilsette!

Charlotte Frogner, Jon Bleiklie Devik og Frank Kjosås

Det Norske Teatret er stolte over å ha fått tre drivande dyktige og flotte skodespelarar knytt til huset vårt på fast basis! Teatersjef Erik Ulfsby har i dag tilsett Charlotte Frogner, Jon Bleiklie Devik og Frank Kjosås i faste stillingar i ensemblet. I tillegg er Peer Perez Øian knytt til teatret i ein 4-årsperiode som husregissør.
- Både Charlotte, Jon og Frank har vore knytt til Det Norske Teatret ei årrekkje, dei er ein viktig del av både huset og ensemblet her. Det er godt å vite at vi skal ha mykje glede av kvarandre frametter også. Dei er alle særs sterke vokalistar, i tillegg til at dei også er drivande dyktige skodespelarar. Arbeidshestar alle tre, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.

Charlotte Frogner har vore ved teatret sidan ho gjekk ut av Teaterhøgskolen i 2004 og har utmerkt seg som ein allsidig og hardt arbeidande skodespelar med gode prestasjonar både i det klassiske og musikalske repertoaret ved teatret. Jeg fikk klædd i bringa som Frida Ånnevik sa da ho fekk Spellemannsprisen seier Charlotte Frogner om tilsetjinga.  – Eg kjenner meg privilegert som kan tenkje framover på mange nye år med hardt arbeid ved Noregs råaste teaterhus. Charlotte skal i vårr mellom anna spele hovudrolla i nydramatiseringa av Trost i taklampa.

Jon Bleiklie Devik har sidan 2010 vore i engasjement ved Det Norske Teatret, men første gongen han stod på Hovudscenen var i Robert Wilsons Peer Gynt i 2005. Bleiklie har med få unntak halde fram på Hovudscenen der han er ein av søylane i musikkteatret og har gjort solide roller som Dan i Next to Normal, Peron i Evita, ulike karakterar i Shockheaded Peter og snart er han å sjå som Mendel i Spelemann på online casino taket. Devik har ein fin humoristisk timing og er for tida aktuell i Tjue tusen sider. – Eg er enormt takksam for å ha fått denne tilliten, seier Devik. -  Det er eit privilegium å få å arbeide på ein stad som har sterke røter, men som aldri kviler på laurbæra og som alltid ønskjer å utforde vidare. Det Norske Teatret er eit hus med internasjonal kvalitet i alle ledd, og eg kunne ikkje ønskt meg ein betre stad å få lov til å investere kreftene mine i.

Frank Kjosås kom som nyutdanna skodespelar til Det Norske Teatret hausten 2006. Han har gjort store musikalroller i Hair, Jesus Christ Superstar, Next to Normal og Evita, for å nemne nokre. Kjosås er ein allsidig og etterspurt skodespelar både på teaterscenen og på film. Han er også einaste skodespelaren ved det Norske Teatret med eigen fanklubb! Likevel var han sjølv overraska over å bli tilbode ei fast stilling. -  Det å bli fast tilsett ved Det Norske Teatret er for meg ei stor glede! Det er overraskande, fordi det rett og slett ikkje er så vanleg lenger. Men dæven så moro det er, seier Kjosås.

Peer Perez Øian

Engasjert for 4 år

Peer Perez Øian (33) frå Bærum er tilsett som regissør ved Det Norske Teatret i 4 år. Han har nett hatt premiere på den kritikarroste framsyninga Tjue tusen sider på Hovudscenen. Perez vann Heddaprisen for beste regi i 2011 for framsyninga Sjuk ungdom som blei sett opp på Scene 3. Til hausten er han igjen aktuell med ei premiere på Det Norske Teatret.

Gratulerer til alle dei nominerte til Heddaprisen 2013!

Vi er stolte – også i år kan vi fortelje at mange av våre skodespelarar og produksjonar har blitt nominert til Heddaprisen! Sjølve Heddapris-utdelinga skjer på Hovudscenen vår 9. juni.

Dei nominerte frå vårt hus er:

Beste kvinnelege hovudrolle: Marie Blokhus for rolla som Anne i Over Open Avgrunn, regi Uwe Cramer, Det Norske Teatret og Una i Blackbird, regi Kim Sørensen, Riksteatret/Det Norske Teatret

Marie Blokhus i rolla som Anne

Beste mannlige hovudrolle: Paul-Ottar Haga for rolla som Edgar i Dødsdansen, Det Norske Teatret

Paul Ottar Haga i rolla som Edgar

Beste mannlige birolle: Kyrre Hellum for rolla som Judas i «Bibelen», regi Stein Winge, Det Norske Teatret

Kyrre Hellum i rolla som Judas

Beste regi: Jonas Corell Petersen for regien på «Baby», Nationaltheatret og «Eg/Ik/Ich/I», Det Norske Teatret

Regissør Jonas Corell Petersen

 

Årets barne og ungdomsforestilling: Eg – Ik, online casino Ich, I, regi Jonas Corell Petersen, Det Norske Teatret

og

Fuck my life, regi Per Olav Sørensen, Det Norske Teatret

Frå framsyninga "Fuck My Life"

Regissør Per Olav Sørensen

 

Særleg kunstnarleg innsats:  DUS – Den Unge Scenen og International Connections

og

EventyrForteljeTeaterStund – fast eventyrstund hver lørdag formiddag på Det Norske Teatret

og

Eg – Ik, Ich, I, Det Norske Teatret og De Toneelmakerij for vellykket internasjonalt samarbeid om ungdommer i dagens Europa

Frå framsyninga "Eg, Ik, Ich, I"

Vi gratulerar alle “våre” nominerte og sjølvsagt alle våre kollegaer frå andre teater med nominasjonane! Vi gler oss til å sjå kva som skjer 9. juni – tvi, tvi enn så lenge!

 

 

 

Er du ein gut mellom 11-14 år? Kom på audition!

Vi leitar etter fire gutar i alderen 11–14 år som skal alternere i rollene som Ole og Bror i oppsetjinga Tonje Glimmerdal på Det Norske Teatret hausten 2013. Du bør like å stå på ein scene og det er fint om du har røynsle frå teater, men det er ingen føresetnad.

Du må vere tilgjengeleg for prøver f.o.m. 19. august. Teatret vil legge til rette for at du skal miste minst mogleg av skuletida.

Premiere: 2. oktober på Hovudscenen. Framsyningane blir spelte på tidleg kveldstid, hovudsakleg tysdag–laurdag.

Er du sjølv interessert, eller kjenner nokon som er det, send oss ein søknad med CV, bilde og nokre ord om deg sjølv til audition@detnorsketeatret.no.

Søknadsfrist: 25. mai.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til audition 30. mai.

For spørsmål, kontakt oss på telefon 22 47 38 80.

Bibelpremiere-vinnarar!

Vi ønskjer at fleire skal få oppleve den gode stemninga og det spesielle å gå på premiere – og har derfor hatt konkurranse på Facebook kor vi har vil gje vekk 2 x 10 billettar til heldige facebook-vener. Dei som ville delta kunne sende e-post, og vi har sirlig lagt alle namn inn i excel casino for deretter å trekkje ut vinnarane med hjelp av random-org. 97 stk ville gjerne komme på premiere – og her er dei heldige som vant:

1. Kari Elin Sperstad
2. Anbjørg Kolaas
3. Ingvild Støa Skrede
4. Maria Ellingsen Austbø
5. Eden Engesland Yadgar
6. Maria Muri Nygren
7. Silje Førland Erdal
8. Liv Landmark
9. Mari Willetts Borgen
10. Rim Tusvik

Gratulerer! Alle vinnarane blir kontakta pr. epost. Vi sjåast til fredag!

OG0-093 Study Guides   ,
350-018 test   ,
CISSP test   ,
70-417 Study Guides   ,
70-463 certification   ,
JK0-022 dumps   ,
000-105 test   ,
70-980 test   ,
70-246 pdf   ,
CRISC Exam   ,
3002 test   ,
70-413 pdf   ,
EX200 certification   ,
JK0-022 exam   ,
70-178 dumps   ,
350-030 Study Guides   ,
300-101 dumps   ,
300-101 certification   ,
100-101 exam   ,
PMP exam   ,
642-999 test   ,
MB2-704 certification   ,
70-246 certification   ,
70-347 Study Guides   ,
300-206 pdf   ,
70-410 exam   ,
70-413 pdf   ,
74-678 pdf   ,
AWS-SYSOPS Brain dumps   ,
640-692 dumps   ,
220-902 dumps   ,
1Z0-061 pdf   ,
LX0-104 exam   ,
400-051 Brain dumps   ,
70-417 test   ,
1Z0-803 pdf   ,
70-980 Exam   ,
CRISC Study Guides   ,
CRISC test   ,
2V0-620 test   ,
70-246 dumps   ,

Prologen til Jon Fosse

Til Det Norske Teatret si 100-årsfeiring har Jon Fosse skrive ein prolog som blir framført for første gong på Kilden 2. januar 2013 av Gjertrud Jynge.

Nett no

 

Hundre år

ganske kort pause

det er lang tid

ganske kort pause

og det er kort tid

To hundre år

Det er lenge

Og det er ikkje så lenge

Men språket det er langt

det har levt lenge

også det norske språket har levt lenge

lydane har sagt fram

det som trong å seiast

òg det som ikkje naudsynleg måtte seiast

men som likevel måtte seiast

for å gjera dagen leveleg

Pause

Og kjenslene som måtte seiast

kort pause

til dei kjære

til det språklause barnet

kort pause

sove no sove no du gode du

gode deg sove no

Kort pause

Og på sjøen

For helvete

ta det reipet

Ro på for faen

Kort pause

 

Språket er langt

og språket er stort

vi kjenner oss både små

og forkomne

i det store uskjønelege veldet

som er livet

der vi sit

og held den døyande i handa

og handa seier

det som må og kan seiast

for språket

det sagde

det usagde

held oss saman

gjer oss større

sterkare

og røysta til ei bestemor kan høyrast

langt der bak

ja også frå scenen på Det Norske Teatret

For det var for å ta vare på språket

både det sagde

og det usage i det sagde

at stillfarne Ivar Aasen

som føddest for to hundre år sidan

gjekk kringom i Noreg

og samla saman det språk som der vart snakka

i kvardag

i kjærleik

i sorg

i song og i bannskap

og visst var mykje ulikt

og visst var mykje likt

det var både einskap og mangfald

det var det norske språket

som eingong hadde vore eins

og som atter vart eins

i det nynorske språket

ja som ingen talar nett slik

men som alle talar litt slik

det som er sams

det som gjer at vi er sams

i byar og i bygder

på fjell og ved fjordar

og ved havet

langs den lange lange kyst

vegen mot Nord

som er Noreg

ganske kort kort

det nynorske språket er

som alle språk

si eiga dikting

alt språk er i seg sjølv dikting

det har i seg stemningar og røynsler

det har i seg den kraft

og den sanning

som gjer av vi kan leva

og overleva

for

som det har sagst

Aber die Wahrheit

stiften die Dichter

Sanninga

er det diktarane

som skipar

gankse kort pause

og difor

hundre år etter at Ivar Aasen føddest

vart så eit hus der diktinga skulle møtast

der og då

nett i dag

vart eit teater skipa

for det norske språket

for det nyorske språket

kort pause

så i dag

nett i dag

har det gått hundre år

sidan det skjedde

kort pause

det er stort vemod i det

for dei som skipa dette huset

er borte

og så mange casino online mange mange

av dei som har halde det levande

har kome

har sunge sin song

og forsvunne

men språket

det nynorske språket dei brukte

det er der framleis

slik det teatret som tok mål av seg

til å føra fram den dikting

sjølve det nynorske språket er

framleis er der

kort pause

til dømes slik at ein ung gut

frå ei bygd

langs ein fjordarm i Hardanger

då han for fyrste gong var innom Oslo

der kunne høyra sitt språk

sitt eige språk

lyft opp på scenen

lyft ut frå scenen

for fyrste gong kunne han høyra sitt eige språk

sveva gjennom salen

og sjå ein usynleg engel

spreia sine vengjer ut

og stryka over den redde sjela hans

også over hans sjel

og kanskje tenkte han då

mest utan å tenkja det

at kanskje kunne han òg

på sitt språk

skriva ord som kunne seia sitt

ikkje gjennom tydinginga

men gjennom svevet

gjennom den usynlege engelens svev

Pause

Språket er huset til det som er

har det vorte sagt

Og Det Norske Teatret

var lenge eit hus

utan eige hus

det var ein landsens spelemann

på si fattigslege reis

kringom i landet

frå hus til hus

men eit hus

ein stad å bu

ja det var både det nynorske språket

og den dikting

ein hadde i seg

og ikring seg

ganske kort pause

språka er ulike

men diktinga

den verkelege diktinga

er eins

slik språka òg ein stad er eins

det merkar ein så godt

når diktverk frå Polen

frå Frankrike

frå Tyskland

frå all verdsens land og språk

får koma til sin rett

på norsk

på språket også til den unge guten

frå ein fjordarm i Hardanger

eller til den unge jenta

frå ei grend

der oppe mot Hardangervidda

eller til familien

som bur der havet bryt mot land

der ytst i Sogn

eller der ytst i Nordland

Det Norke Teatret

er heile landets teater

der det no held til

i det store fine huset

det til sist fekk seg

midt i Oslo

hovudstaden i landet

som er vegen mot nord

som er Noreg

kort pause

sjølvsagt tok det si tid

før nynorsken fann sin rette song

sjølvsagt tok og tek det si tid

og sjølvsagt tek det si tid

før ein engel går gjennom scenen

og sjølvsagt tok det si tid

før det nynoske teatret

fekk sitt stolte eige hus

Men no står det der støtt

No står nynorsken der støtt

No står nynorsken der

no står Det Norske Teatret der

og tek vare på røynsla

til dei som føre oss gjekk

og som vi er så glade i

og er så takksame for

Det står der for alle dei som er borte

Og det står der for oss

som no finst til

og som no held både fortid

og framtid

i våre hender

kort pause

nett no

 

Jon Fosse

Kronikk i Dagbladet

Denne kronikken av teatersjef Erik Ulfsby og Nina Refseth stod på trykk i Dagbladet i dag, 2. januar 2013.

DET NORSKE TEATRET: Det har vore omstridt frå starten, og det å vere i kamp og å vere sta ligg i ryggmargen til dette teatret.

I dag fyller Det Norske Teatret 100 år.

2. januar 1913 gjekk den første framsyninga av stabelen i den gamle teatersalen i Kristiansand. Det blir markert i Kilden teater- og konserthus i kveld med ei festframsyning, ei framsyning som også er startskotet for Språkåret 2013. I år er det nemleg også 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Det Norske Teatret var heilt frå starten av både eit profesjonelt teater og eit språkpolitisk verkemiddel. Teatret var uttrykk for motkultur og opposisjon, og med Hulda og Arne Garborg i spissen vart teatret ei viktig røyst i samfunnsdebatten.

For hundre år sidan var Det Norske Teatret ein spydspiss i bygdas kamp for å få plass på byens sentrale kulturelle arena. Teatret symboliserte ungdom og trass, det var for dei som snakka og skreiv annleis, med ein annan kultur og mentalitet enn det som dominerte i hovudstadens salongar. Teatret var tufta på idealisme og dedikasjon, på same tid som det hadde høge kunstnarlege ambisjonar. Målet var å forme oppfatninga av kva som skulle vere norsk i den unge nasjonen, bygd på norske tradisjonar.

Då Det Norske Teatret flytta inn i Bøndernes Hus hausten 1913 etter ein strabasiøs, men vellukka turné langs kysten, braka det laus i Kristiania.

6.oktober presenterte Det Norske Teatret si første framsyning i Noregs hovudstad, Jeppe på Berget - aldri meir «paa bjerget» frå no av! Etter ei fredeleg opning med både Konge, stortingspresident og statsminister til stades i salen, og med gode kritikkar i landets aviser, drog det opp til strid. Ei veke seinare, den 13. oktober, stod det som vart kjent som teaterslaget, ein rein nevekamp inne i teatret mellom riksmålsstudentar og landsmålsstudentar. Det Norske Teatret er fødd i strid, og sjølv om språkkrigen ikkje er like sterk i dag, er teatret framleis stritt.

Under vegs har både teateret og samfunnet endra seg, og Det Norske Teatret har som nynorskteatret i bokmålsland vore vesentleg i å skape aksept for eit språkleg mangfald også i hovudstaden.

I 1949 rulla den første amerikanske musikalen, Oklahoma, over scenegolvet på Det Norske Teatret i Stortingsgata. «Å, for ein strålande morgon» song Oslofolk i drosjar og på trikken. Kva desse populære framsyningane har gjort for nynorsken, – for bruken og aksepten – kan ein knapt overvurdere. Musikkteater med høg kvalitet har sidan vore ein berebjelke i Det Norske Teatret. Berre tenk på West Side Story, Spelemann på taket, Bør Børson, Piaf, Les Miserables, Jesus Christ Superstar, og Next to Normal. I dag blir teatret rekna som eit musikkteater i verdsklasse. Skodespelarane kan den eine dagen medverke i ein stor musikal, og dagen etter gje seg i kast med eit stykke av Jon Fosse. Slik har vi utvikla skodespelarar med eit særs breitt register.

Det Norske Teatret er også det einaste nynorske nasjonalteatret, og må syte for at det har både breie og smale stykke på repertoaret. Heile paletten må vere med: Frå folketeater, via klassikarar, til mobile casino postdramatisk samtidsteater. Heile vegen handlar det om kvalitet. Frå tid til anna blir det hevda at dei største og mest kjende musikalane ikkje høyrer heime på eit offentleg støtta teater. Framsyningar med kommersielt potensial bør overlatast til dei private, hevdast det. Vi er usamde i dette. For oss er det vesentleg at det óg finst eit folkeleg repertoar på nynorsk. Det er den språkpolitiske sida av saka. Men det finst også ei kunstnarleg side. Kvifor skulle vi gi avkall på å gjere noko vi er så gode til? Vi er overtydd om at seksti år med musikkteater på Det Norske Teatret gjer at vi kan setje oss endå høgare mål. Vi skal skape nytt musikkteater. Samstundes skal vi syte for at det beste av det store internasjonale repertoaret er tilgjengeleg i Noreg – på nynorsk.

Det Norske Teatret har heilt sidan starten hatt ein dobbelnatur. Vi står på to bein. Eitt bein er den folkelege tradisjonen. Eit anna er det europeiske kunst- og danningsteatret. Dei beina vi har stått på frå starten, og begge beina må vere med også i det språkpolitiske prosjektet. Dei beina står vi på i dag. Og det er dei to beina vi må stå på, om vi skal stå støtt i hundre år til.

Nett no når kampen om folks tid er større enn nokon gong, og i ei verd der verdi ofte blir forveksla med kjøp og sal, nett no finn folk vegen til teatret. Det er interessant å merkje seg. I 2012 samla Det Norske Teatret meir enn 225 000 tilskodarar, eit av dei beste publikumstala i teatret si historie. Trass i at publikum i dag har langt fleire teater-, konsert- og kinosete å velje mellom, trass i at nynorsken er under sterkt press, og trass i ei medieutvikling som gjer det meir krevjande enn før å få merksemd rundt den smalare delen av repertoaret, så er det altså slik at teatret samlar rekordmange menneske med eit repertoar som utfordrar, opplyser og underhaldar. To bein, men med vekta trygt plassert på foten som utfordrar og skaper nytt.

Det Norske Teatret har vore omstridt frå starten, og det å vere i kamp og å vere sta ligg i ryggmargen til dette teatret. Teatret har vakse seg stort og sterkt, kanskje er det no både størst og sterkast. Men vi er framleis ein minoritetsarena. Det vil vi alltid vere. Det er oppgåva vår, og vi må stadig nytolke ho. Vi må framleis skape eit teater for grupper som i dag ikkje finn like naturleg plass på scenen og i salen. I dag er ikkje det lenger ungdom frå landsbygda som heiter Hulda og Arne, men snarare ungdom frå byen som heiter Aicha og Kadir vi skal strekkje oss etter. Vi skal halde fram med å slåss – for mangfald, for kunsten sin plass i samfunnet og mot forsøka på å marginalisere det nynorske språket. Vi trur Det Norske Teatret tek best vare på målsetjingane sine ved å spele best mogleg teater i eit ambisiøst repertoar for eit breitt publikum. Det som starta som eit språkpolitisk og teaterpolitisk eksperiment, har vakse seg til ein vital og nyskapande teaterinstitusjon. Kva ville Hulda Garborg ha sagt om ho såg dagens teater, ho som i talen på festen etter Kristianiaopninga sa:

«Det er som ein draum det som er hendt i kveld, at me hev reist eit norsk teater midt i Kristiania, og kom fraa det med livet.»

100 år sidan Det Norske Teatret vart skipa!

22. november 2012 feira vi skipningsdagen til Det Norske Teatret. Nøyaktig kl. 11 på denne dagen for hundre år sidan skreiv investorane under skipingsdokumentet som grunnla Det Norske Teatret – med Hulda Garborg som styreformann. Dette skjedde i Møllergata 20 i Oslo – forsamlingslokalet er no riven, men i anledning fødselsdagen vår tok teatersjef med seg “Hulda Garborg” tilbake hit!

Første framsyning til Det Norske Teatret kom ikkje før i 1913, og derfor skal best online casino vi feire at vi er 100 år i heile 2013! Heile Noreg er invitert, og jubileumsåret startar med ei festframsyning i Kilden, Kristiansand, 2. januar – det var i den byen vi hadde vår første framsyning. Den største feiringa kjem 6. oktober, nøyaktig 100 år etter at vi hadde vår første framsyning i Oslo. Vi skal ha ope hus, gratis framsyninger, sperre av gatene rundt og ha marknad og mykje moro – og sal av kostymer og rekvisitter!

Sett av 6. oktober til å feire med oss!

Jungelboka frå innsida

Ei heldig jente ved namn Marthe-Caroline vann konkurransen for Ungdomskortet vi har hatt denne veka! Som den heldige vinnaren fekk ho ta med seg ein ven og vere “fluge på veggen” medan Jungelboka vart spelt på Hovudscenen! Marthe-Caroline og venninna hennar Silje fekk oppleve Jungelboka slik skodespelarane, scenerabeidarane og alle andre som arbeider i produksjonen gjer det.

Venninne-Silje til venstre - og Marthe-Caroline, vinnaren, til høgre.

Etter å ha gjett jentene litt instruksar om kor dei kunne gå og kva dei kunne gjere gav inspisient Brita signal om klar scene - og framsyninga kunne starte.

Silje og Marthe-Caroline fekk lov til å bevege seg rundt omkring på sidescenane - og kikke forsiktig fram, slik at publikum ikkje såg dei..

Kash var i godt humør som alltid, og kom sjølvsagt og helste på!

I pausen fekk Charlotte (Frogner, ja) ein glitrande idè – etter at speilveggen er gått ned (håpar ikkje vi røper for mykje no for dei som ikkje har sett framsyninga enno..) og skodespelarane står på scenen og ser ut i salen – så kunne jo jentene bli med dei på scenen ettersom dei ville vere usynlege for publikum uansett! Hoho, her skulle dei ikkje berre få sjå kva som skjer på sida av scenen under ei framsyning – dei skulle få vere på scenen i lag med skodespelarane óg!

Som sagt så gjort..

Her står Silje og Marthe-Caroline i lag med teknikar Calle - som skal geleide dei inn på scenen kor dei skal vere usynlege under avslutningssangen.

TIl slutt eit bilete etter vel gjennomført framsyning - Svein Roger Karlsen som Shere Khan helsar, det same gjer jentene!

Vi kan trygt rå deg til å bli brukar av Ungdomskortet – som medlem vil du få moglegheit til slike eksklusive hendinger og du kan sjå alle våre framsyninger for kun 85,-. Ungdomskortet er for alle mellom 16-26 år – og det er sjølvsagt gratis!