Author Archives: ylva

Tre veker til premieren!

Med omlag tre veker til Spelemann på taket har premiere, er det store ensemblet i gong med lydprøver på hovudscenen. Musikalen har nærast ikonisk status, og det er ingen små sko Pål Christian Eggen skal fylle når han trer inn i tittelrolla som Tevje. Det er mange instrument og stemmer på scenen samstundes, så lyddesigner Atle Halstensen er på plass for å sikre at lyden ber harmonisk ut i salen. 

Espen Bråten Kristoffersen får justert mikrofonen. Han spelar Pertsjik i framsyninga.

Herborg Kråkevik tok ein spontan imitasjon av Mette Marit under lydsjekken!

Niklas Gundersen øver seg på å danse med ei flaske på hovudet! Det skal han gjere i rolla som Mordcha.

I bryllaupet til Motel Kamzoil og Tzeitel.

Heidi Ruud Ellingsen og Espen Kristoffersen.

Nokre av dei flotte instrumenta og musikarane i framsyninga.

Sjølvaste Tevje.

Ingeborg Raustøl er i rolla som Tzeitel.

Pertsjik og Hodel dansar i bryllaupet.

casino online title=”STBR0118″ src=”http://blogg.detnorsketeatret.no/wp-content/uploads/2014/02/STBR01181-1024×683.jpg” alt=”" width=”500″ height=”333″ />

Brudeparet.

Tevje og Hodel!

Fleire av skodespelarane er også innom kostymeavdelinga denne veka, for å få tilpassa kostyma sine. Vi vart med Paul Åge Johanessen når han fekk tilpassa sitt kostyme. Her vert det mykje ull og mange lag, så det er ingen fare for at skodespelarane skal fryse på scenen!

Paul Åge Johanessen skal spele fleire roller i Spelemann på taket. Her prøver han jødekostymet.

Kostymedesigner Ane Åsheim sjekkar kva justeringar som er nødvending.

Kostymet Paul Åge skal bruke i rolla som politimann.

 

 

 

 

 

official site

Teater + konsert = bikubekveld!

I tillegg til å ha framsyninger på våre tre scener, skjer det mykje i krikar og krokar på teatret. Det vert arrangert alt frå møter og konferansar til vinmesser og prisutdelingar, og kvar fredag heldt teatret konsert på bikubescenen i kafèen over Kafè Løve. Utover våren kan ein mellom anna høyre Bob Dylan-låtar, fransk kabaret, tangomusikk og teatrets eige husband – mens ein nyt eit glas vin eller eit wienerbrød.

Hittil i år har vi hatt gleda av å høyre Ingrid Olava, Espen Bråten Kristoffersen og Janne Hea Svebakken. Vi casino online vil gjerne dele nokre bilete frå Svebakken sin kveld på bikubescenen når ho fylte kafèen med vakre countrytonar. Med dette gler vi oss til fleire slike kveldar!

Mari Skeie Ljones.

Torgeir Waldemar.

Ein dag med Det multinorske

I byrjinga av juni blir det studentvisning av Det multinorske på scene 3. Terje Strømdahl er for tida inne og underviser studentane. Vi har vore fluge på veggen når studentane har bryna seg på manuset “Sjå deg om i vreide” av John Osborne, i det som er deira andre studieår.

Kostyma og rekvisittane er på plass når studentane dykkar inn i teksten til den britiske dramatikaren John Osborne.

Thomas Bipin Olsen i karakter.

Terje Strømdahl skal undervise studentane i til saman sju veker.

Judy Nyambura Karanja.

Kadir Talabani.

Svein Tindberg er studentane sin stemmelærar.

Strømdahl gir studentane nye punkt å jobbe med.

Litt rivne aviser må ein rekne med når temperaturen og innlevinga er på topp.

 

 

 

 

 

 

 

 

Kostymeprøver på "Det merkelege som hende med hunden den natta"

13. mars blir det premiere på Det merkelege som hende med hunden den natta på scene 3 og skodespelarane er komne godt i gong med prøver. Framsyninga er basert på bestseljaren til Mark Haddon og blir for første gong sett opp på norsk scene. Dette er ei vakker teaterhistorie om ein gut som er annleis, men med kjensler og draumar som alle andre. Her er ingen skurkar, berre vaksen tankeløyse og uforståelege handlingar gjord i beste meining. 24. februar hadde skodespelarane sine første kostymeprøver og vi var inne og tok nokre bilete: 

Emil Johnsen spelar 15-årige Christopher. Han og Marie Blokhus har spela saman tidlegare, i framsyninga Over open avgrunn på scene 3.

Kostyma er alt frå silkeskjorter og leopardkjoler til capsar og rastafarihuer.

Marie Blokhus er Siobahn, lærarinna til Christopher.

 

Regissør Trien Wiggen.

Christopher er veldig glad i hunden til fru Shears.

Geir Kvarme er med i rolla som naboen til Christopher, Herr Shears.

Innimellom kostymeprøvinga blei det også tid til å øve på nokre av songane til framsyninga.

Skodespelarane spela gjennom nokre av scenene.

Christopher er ikkje som andre femtenåringar. Han likar ikkje at folk tar på han, seier alltid sanninga og går på spesialskole.

Espen Reboli Bjerke spelar Ed, faren til Christopher.

Christopher blir ute av seg når han finn hunden til fru Shears død i hagen hennar, spidda med eit hagegreip.

 

 

 

 

 

Ein prøvedag på scene 3

Premieren på  Det merkelege som hende med hunden den natta nærmar seg. Vi er stolte av å ha noregspremiere på stykket som har fått heile 7 Olivier Awards i Storbritannia og som for tida går for fulle hus på Betty Nansen Teatret i Danmark. Skodespelarane jobbar stort sett kvar dag på scene 3 og det er ikkje berre replikkar som skal sitte, skodespelarane skal både syngje og spele òg!

Fins det eit instrument som Marie Blokhus ikkje kan traktere? Neppe!

online casino’s title=”1911882_10152176241592225_837637836_n” src=”http://blogg.detnorsketeatret.no/wp-content/uploads/2014/02/1911882_10152176241592225_837637836_n.jpg” alt=”" width=”640″ height=”960″ />

Jan Grønli er attende hos oss etter å ha vore på tur med Riksteatret sin "Mens vi ventar på Godot"