Film frå første veke med prøver!

I samarbeid med Oslo Internasjonale Teater presenterer Det Norske Teatret denne våren heile 5 nye, spanande, internasjonale samtidstekstar, som blir spelt på Scene 3. I kveld har “The Diamond Stars” premiere, og Oslo Internasjonale Teater har sjølv laga ein film med utdrag frå prøvane.

Det twitrast iherdig frå prøvane; sitatar og situasjonar – vi rår deg til å følgje dei på Twitter .

Nysgjerrig på kva desse lesingane er? Vi kan jo gje deg ein kort introduksjon til stykket som du KUN kan sjå i kveld – eller i morgon!

“På utsida av ein skyskrapar heng Seifu og Amadu, to flyktningar frå Sierra Leone. Dei har vorte samde om å ikkje snakke om fortida; det er korkje tida eller staden for eit oppgjer. Medan dei vaskar vindauga følgjer dei med på ei anne og utilgjengeleg verd av velståande forretningsfolk. Stykket utforskar avstand og nærleik på mange nivå; sosialt, økonomisk, politisk og geografisk, gjennom ein sterk visuell metafor. Verda vert kanskje mindre, men nokre avstandar verkar uoverstigelege. Og kor lenge kan dei halde fortida på avstand?”

Tvi, tvi!

 

 

Tangoøvelse i prøvesal 4

Denne veka starta prøvane til Evita. Det er ikkje berre musikalske prøvar vi startar med, for tangoen har ein sentral plass i denne framsyninga. Tangodansing går som ein raud tråd gjennom heile framsyninga, så derfor må også ensemblet lære seg tango.

Vi fulgde ein av tangoprøvane på dag 2 – kor til og med NRK kom og filme til Dagsrevyen. Få eit innblikk i korleis skodespelarane terpar på stega:

Paul Åge Johannesen spelar Presidenten – og skal sjølvsagt danse.

Niklas Gundersen spelar Evita’s bror, Ingeborg S. Raustøl spelar Elskarinna.

Lei av tango, Niklas?

Evita og Juan Péron – eller Heidi Gjermundsen Broch og Jon Bleiklie Devik om du vil.

 

Tango-intruktøren. Strengt blikk på elevane sine?

Hilde Olausson speler Arbeidarkvinna

Instruktør Jarle viser korleis Péron skal føre.

Regissør Svein Sturla Hungnes og skodespelar Kristin Grue! Kristin spelar Baronessa.

 

Grethe Ryen spelar Grevinna.

Ragnar Dyresen spelar Baronen.

Sigve Bøe spelar Magaldi.

Og så kom NRK Dagsrevyen på vitjing.

Inspisient Erlend Stamnes har full kontroll. Følg han på twitter om du vil: @InspisientenDNT

Lidenskapeleg tango..

Evita har premiere 5. september 2012.

 

 

 

 

 

 

 

 

Tid for å ta bilete til utrykket

Vi er heldige – til hausten set Jonas Corell Petersen opp “Hamlet” på Scene 2, sjølve kronjuvelen mellom Shakespeares drama, og i tittelrolla finn vi Torbjørn Eriksen. Resten av rollane blir spela av Silje Storstein, Sigurd Myhre, Joachim Rafaelsen, Kyrre Hellum og Gaute Tønder.

I dag skulle bileta til plakaten – eller det vi likar å kalle “uttrykket” her på teatret – takast. På plakaten skal alle stå saman, men bileta blei tekne enkeltvis for så å bli satt saman av designar. Det var god stemning – fotografen diska opp med både kaffe og fyrstekake! Regissør Jonas Corell Petersen og scenograf Nia Damerell var også med. Nokre bilete frå studio:

Torbjørn Eriksen skal spele Hamlet

 

Joakim Rafaelsen

Kaffeselskap

Gaute Tønder er komponist og lyddesignar i framsyninga, og skal vere i lag med skodespelarane på scenen.

Kyrre Hellum

Scenograf Nia Damerell

Silje Storstein - einaste jente i ensemblet i denne framsyninga - ventar på sin tur.

 

Sigurd Myhre stilte sporty opp på photoshoot til tross for brote bein.

 

Silje Storstein

Vi veit at det er litt tidlig.. men vi gler oss til premiere 7. september.

Vinn billetter til landskamp på Ullevaal!

Dei fleste som er fødd før nittitalet har eit forhold til kampen da Noreg slo Brasil, anten dei likar fotball eller ikkje. Den 23. juni 1998, da ville jubelscener utspant seg over heile landet, gjorde uttrykket “Kor var du da Oddvar Brå brakk staven?” om til “Kor var du da Noreg slo Brasil?”.

Så, fortel oss! Vi vil vite kva du gjorde denne kvelden, og korleis du hugsar den dramatiske kampen. Har du nokre minne? Kanskje du har eit bilete? Vi har i samarbeid med Fotballmuseet på Ullevål ein konkurranse der du kan vinne 2 billettar til landskampen mellom Noreg – Kroatia 2. juni, og alt vi ønskjer er at du deler ditt minne med oss.

Du deltek enkelt i konkurransen ved å fylle inn skjemaet her:

Hugs å trykke på “Send”-knappen etter at du har fylt inn skjemaet – så er du med i konkurransen!

Har du eit bilete kan du sende det på e-post til siren.hoyland@detnorsketeatret.no. Innsendte bidrag, både tekst og bilete, vil bli vurderte av Fotballmuseet – for å bli innlemma i samlinga av minne om denne dagen.

På Det Norske Teatret skal vi gjenspegle kampen, sett gjennom auga til Are Kalvø. Avspark er 23. mars, og vi har bede nokre av skodespelarane om å dele sine minne frå denne kvelden – som ein inspirasjon til deg:

Niklas Gundersen (Skal spele Kjetil Rekdal)

Eg var heime hos en filosofvenn av sambuaren min med ein heil gjeng samla for å sjå kamp. Ikkje den typiske guttegjengen eg vanlegvis ville sett kamp med, men meir ein sånn «eg forstår ikkje denne fascinasjonen for fotball»- type gjeng. Men denne kampen skulle dei sjå! Etter dei famøse siste ti minutta tok det heilt av, og vi kjørte med tutande biler til Oslo sentrum og eit Karl Johan med tusenvis av menneske. Bølgja gjekk frå Slottet til Stortinget, og eit brasiliansk sambaorkester spelte til dans. Alle lo og klemte kvarandre, sjølv om nokre biltak nok blei trampet på. Alle var heilt frå seg, og denne augneblinken har satt djupe spor i den fotballgale sjela mi…

Gard Skagestad (Ronaldo)

Juni 1998 jobba eg ved Den Nationale Scene i Bergen, og etter å ha alternert med teatersjef  Ulfsby som Prinsen i Snehvit - med blå ridestøvlar – var eg med i ei anna framsyning. Ho varte berre 1 time og 35 minutt, men uvitande krefter ved teatret hadde ikkje fått med seg at ho kolliderte med kampstart Norge-Brasil. I eit kollektivt løft spelte vi inn ikkje mindre enn 12 minutt på framsyninga, trakk på oss landslagsdrakter og beinflaug forbi forfjamsa publikummarar. Utruleg uprofesjonelt og utruleg viktig. På plass med tjue andre på 15 kvadratmeter sigarett-røyk-dekt hybel i tide til nasjonalsongane. Hugsa faktisk ikkje så mykje av kampen etterpå, men hyperventilering, kjederøyking og gråt stod sentralt omkring det viktigaste sparket på ein fotball i Noreg sitt Fotfallforbund si historie…

 Audun Sandem (Tore André Flo)

Eg sat heime på Nordstrand i lag med mor og far min. Det sterkaste minnet frå kampen, er Kjetil Rekdals straffe. Pappa fyrte opp pipa, gjekk ut på verandaen og stilte seg med ryggen til stua, medan han venta på jubelen. Jubelen kom. Og Arne Scheie var i stereo i nabolaget. Seinare denne kvelden dro eg på fest til nokre barndomsvenner som hadde blitt kjæraster. I juni 2012, 14 år seinare, skal dei gifte seg. Og eg skal vere forlovar. Dagen var altså fylt med familie, venner og kjærleik. Akkurat som denne framsyninga. Akkurat som fotball skal vere.